Telefon: +47 464 23 680

Garn


 

  • Trollkar Ullsåpe

    Trollkar Ullsåpe
    • 59,00 kr
    • Lagerstatus: Bestillingsvare

    TROLLKAR Ullsåpe er ei 100 % naturleg, handlaga flytande såpe basert på planteoljer. Såpa er spesielt utvikla for bruk på sarte tekstilar som ull, silke og blandingar som inneheld ull eller silke. Ullsåpa er heilt utan unødvendige tilsettingar som parfyme, fargestoff og konsistensgivar. Trollkar får svært gode tilbakemeldingar på denne såpa!

    Trollkar Ullsåpe er eit handlaga naturprodukt, og farge, lukt og konsistens kan variera. Viss såpa blir ståande lenge, kan ho skilja seg i flaska. Dette er normalt, og såpa vil normalisera seg når du vender flaska eit par gonger. Såpa er like effektiv sjølv om ho har skilt seg. Ved handvask må plagget skyllast nøye i reint vatn minst tre gonger etter vask. Ullplagg bør alltid tørka flatt i fasong. Bruk aldri skyllemiddel på ull som er merkt med "superwash". Følg alltid vaskeinstruksen på det du skal vaska.

    Ei flaske inneheld ca. 500 ml såpe og er nok til minst ti vask.

    Kikk også på desse produkta


Telefon: +47 464 23 680

E-post: kontakt@trollkar.no

Laget av Eremitt Design for Trollkar

Alle rettigheter Trollkar