Telefon: +47 464 23 680

Inspirasjon

Tips og inspirasjon om strikking og strikkemaskinar

Prøvelapp til maskeprøvelinjal

Heming Thorbjørnsen - onsdag, november 16, 2016

Kvar gong du prøver ut eit nytt garn eller eit nytt mønster, må du strikka prøvelapp for å kunna rekna ut kor mange masker og rekker som utgjer 10x10 cm. Denne informasjonen treng du seinare til å rekna ut oppskrifta på det du skal strikka. Dei fleste maskiner har ein maskeprøvelinjal (http://www.trollkar.no/strikkemaskiner/tilbehr-til-strikkemaskiner/maskeprvelinjal) som reknar ut antal masker og rekke på 10 cm automatisk viss du strikkar standard prøvelapp. For å laga ein standard prøvelapp til finstrikkar, strikkar du slik: Legg opp på minst 60 nåler (H30-V30) med favorittopplegget ditt og strikk minst ti rekker. Heng på passeleg mykje lodd og strikk ti rekker til. Stopp med sleden på høgre side og set teljeverket til 000. [...]

Maskinstrikkegarn - kva betyr talkodane?

Heming Thorbjørnsen - søndag, oktober 30, 2016

Eg får mange spørsmål om kva talkodene på maskinstrikkegarn betyr. Til dømes står det "Trollkar Koftegarn, 100 % ull, Nm 8,4/2" Så kva er dette mystiske Nm, og kva betyr 8,4/2? Nm er ei forkorting for "metrisk garn-nummerering", og viser altså kva for system talet 8,4/2 viser til. På same måte som at ulike land har ulik valuta, og ulike stikkontakter, så har ulike bransjer ulike system for korleis ein skriv kor tjukk ein tråd er. Andre system er til dømes Denier, som du kanskje kjenner til viss du brukar silkestrømper, og Tex-standard, som er vanleg i veveri. Men til strikking er altså Nm det vanlegaste. I Nm-systemet får garnet eit nummer som består av to tal skilde med skråstrek. Talet etter skråstreken fortel deg kor mange  [...]

Kunsten å velja riktig strikkemaskin

Heming Thorbjørnsen - måndag, oktober 24, 2016

Det finst mange ulike typer strikkemaskiner å velja mellom, og det kan vera vanskeleg å vita kva som er riktig maskin for deg - særleg viss du er på jakt etter di første strikkemaskin. Her er ei oversikt over kva for strikkemaskiner som er tilgjengelege frå Trollkar og kva dei kan brukast til, så blir det kanskje litt enklare å velja. Finstrikkar SK-280 med hòlkortsystem Dette er den mest populære modellen, og også den mest anvendelege når det kjem til kva slags garn du kan bruka. Maskina har 200 nåler (masker) med 4,5 mm avstand mellom nålene. Du kan strikka med svært tynne garn, til dømes Trollkar Merino lamull (8500 m per kg), og du kan strikka med vanlege handstrikkegarn opptil tjukkelse som tilsvarer babyull. Og sjølvsagt alle sl [...]

Prisar og vilkår for verkstadtenester

Heming Thorbjørnsen - søndag, september 25, 2016

Trollkar tilbyr for tida følgjande verkstadtenester (alle priser er gyldige per 1. november 2017 og kan endrast utan varsel): Garantireparasjonar er alltid gratis og går foran i køen. Ribbapparat kan kun leverast inn saman med tilhøyrande strikkemaskin (unntak for Silver Reed SRP60N). Strikkemaskin med ribbapparat reknast prismessig som to maskiner. I det følgjande brukast ordet "maskin" om strikkemaskiner, ribbapparat, ekstra sledar, fargeskiftar og anna ekstrutstyr. Miniservice er ei "spa-behandling" for strikkemaskina di som inkluderer grundig rensing og smøring utan å demontera maskina. Etter rens og smøring blir maskina testa med ein strikkeprøve (hurtigopplegg og einsfarga glattstrikk over alle nålene). Etter minis [...]

Sokkar frå tåa og opp

Heming Thorbjørnsen - fredag, september 02, 2016

Det er fleire fordelar med å strikka sokkane frå tåa og opp: Om du strikkar med restegarn, kan du jo alltid strekkja til dømes to nøster til å rekka til eit par sokkar ved å gjera skaftene kortare, men om du begynner med foten, kan du strikka skaftet så langt som mogleg og fella av når du ikkje har meir garn igjen. Simples! Du kan legga opp tåa i eitt stykke, så du ikkje treng å snurpa eller sy igjen noko. Hælen ser ut som ein alminnelig hæl, men blir garantert utan små hòl, for du plukkar aldri opp masker. Om du strikkar mønster på skaftet, får du ståande masker i mønsteret. Og du kan fella av heilt usynleg og kjempeelastisk på toppen av vrangborda. TRINN 1: MATTETIMENNå reknar eg m [...]

Genser med raglan- eller rundfelling

Heming Thorbjørnsen - søndag, august 21, 2016

Dette er den formelen eg brukar mest når eg reknar ut nye oppskrifter. Det blir ein middels kroppsnær genser som passerer som “klassisk” i fasongen – ikkje like vid som ein skigenser frå nittitalet, men ikkje så trang som eit pølseskinn frå 1976. Du har plass til skjorte under og jakke utanpå. Raglanfelling er enkelt og pent (eg går ut i frå at du veit kva raglanfelling er, men det står forklart lengre ned korleis du strikker ermene fast til bolen), og gir ein god passform som er kledelig til dei fleste kroppsfasongar. Om du er kvinne og har stor byste, trivst du antakelig betre i ein rundfelt genser med litt fleire masker i framstykket enn bakstykket (eg forklarer dette også lengre ned i teksten). Uansett kva du vel av ragla [...]


  

Telefon: +47 464 23 680

E-post: kontakt@trollkar.no

Laget av Eremitt Design for Trollkar

Alle rettigheter Trollkar