Telefon: +47 464 23 680

KURS

Nedanfor finn du ei liste over alle Trollkar sine kurs planlagde framover. Klikk på eit kurs for meir informasjon og påmelding. Du betaler med kort når du melder deg på.

Viss du ikkje finn eit kurs som passar ditt behov, eller viss du har andre spørsmål om kurs eller privatundervisning, ta kontakt på telefon 464 23 680 eller e-post kontakt@trollkar.no -- det meste kan ordnast!

Maskinstrikking trinn 1, Askøy 25.-26. november

Dato: Lørdag 25. og søndag 26. februar 2018       
Stad: Askøy husflidslag sine lokale i Strusshamn ("Sjoddien")
Tid: 10:00-17:00 begge dagane
Lærar: Heming Welde Thorbjørnsen
Pris: 2.400,-

For deg som er nybyrjar eller har «gløymt alt» eller blitt redd for å gjera noko galt med maskina.

Viss du ikkje har strikkemaskin frå før, kan du leiga maskin frå Trollkar. Dersom du vil leiga maskin, må du ringa Trollkar på 464 23 680 før du melder deg på kurset så du er sikker på at det er ledig leigemaskin til deg. Leige av strikkemaskin kostar kr. 600,- per maskin per kurs i tillegg til prisen på kurset. Dette kurset passar for dei aller fleste strikkemaskiner.

Me lærer:
– å pakka ut og montera maskina
– å rensa og smøra maskina
– å legga opp med hurtigopplegg og fast opplegg
– å laga oppbretta kant og picotkant
– å strikka prøvelapp og rekna ut masketettleik
– å auka og fella masker
– å fella av med elastisk og fast kant
– å strikka ein enkel poncho eller eit trekanta skjerf

Me jobbar ikkje med:
– nåler i kvil
– mønsterstrikking
– patent- eller vrangbordapparat

Materialar og utstyr kan kjøpast i løpet av kurset og kjem i tillegg til kursprisen. Du kan ha med ditt eige garn til kurset, men læraren kan setja grenser for kva for garn du får bruka til dei ulike teknikkane.

Lærebok for kurset er "Grunnbok i maskinstrikking" av Heming W. Thorbjørnsen. Du får kjøpt boka under kurset dersom du ikkje har henne frå før.

Påmeldinga er bindande. Det er ingen refusjon ved avmelding, uansett grunn. Dersom kurset skulle bli avlyst, får du sjølvsagt pengane tilbake. Ved å melda deg på, godtek du desse vilkåra.

Klikk her for påmelding hjå Askøy husflidslag.

Les mer

Telefon: +47 464 23 680

E-post: kontakt@trollkar.no

Laget av Eremitt Design for Trollkar

Alle rettigheter Trollkar