Telefon: +47 464 23 680

Om trollkar

Trollkar blei starta av Heming Welde Thorbjørnsen våren 2015, og begynte som eit designprosjekt ved sida av studier og jobb. Ganske raskt viste det seg at folk var interesserte i å kjøpa både strikkeoppskrifter og ferdige klede, og Trollkar blei difor også eit firma som sel garn, knappar, oppskrifter og ferdige klede ...

... og når ein snøball begynner å rulla, blir han fort større! Eit drygt år etter oppstarten er Trollkar allereie forhandlar av strikkemaskiner frå Silver Reed, monteringsmaskiner frå Hague, garn til både handstrikk og maskinstrikk, oppskrifter, knappar og tilbehør - det meste både engros og til privatkunder. Trollkar har også stor kursverksemd, og reiser rundt i heile sør-Norge med kurs i maskinstrikking. Hausten 2016 opna Trollkar butikk, kurslokale og verkstad i Haugesund sentrum i tillegg til nettbutikken.

 

Namnet

Namnet Trollkar datt ned i hovudet på Heming ein tidleg laurdags morgon i februar 2015. Du står sjølv fritt til å gi namnet den meininga du synst passar - kanskje det går troll i ord?

 

Ull er gull

Trollkar sine eigne strikkegarn er av høg kvalitet. Garn frå Trollkar er som regel av rein ull eller blandingar med mykje ull, og ulla skal vera så naturleg som mogleg. Difor er Trollkar sine garn som regel uvaska og aldri kjemisk behandla bortsett frå farging, og inneheld ikkje syntetisk materiale. All ull i Trollkar sine garn kjem frå sauer som har levd godt, og merino-ull kjem frå gardar som ikkje praktiserer mulesing.

 

Superwash-behandling av ull er ein svært miljøfiendtleg, kjemisk prosess, og faktisk er det forbode å gjera dette i Norge! Dei fleste garnprodusentar kjøper superwash-behandla ull frå andre stader i verda, eller sender ull til utlandet for prosessering. Dette gjeld særleg for billeg merino-ull, som har lett for å tova og nuppa når det er ubehandla. Trollkar ønskjer ikkje å bidra til verken forureining eller farlege arbeidsplasser verken i Norge eller utlandet, og har difor ikkje superwash-behandla ull i sortimentet. Dette tyder at Trollkar sine ullgarn er av 100 % ull utan tull, og då må ulla vera av aller beste kvalitet. Det er betre for kloden, betre for sauen, betre for deg og meg - og litt meir kostbart. Men verd det!

 

Trollkar sine ullgarn kan likevel vaskast i maskin på ullprogram med 30-40 grader varmt vatn. Det same gjeld blandinger som inneheld ull. Eg anbefaler Trollkar Ullsåpe til vask av alle typar ull, ullblandinger og andre sarte tekstiler. Trollkar Ullsåpe er eit reint naturprodukt, handlaga i Norge, og er pakka i resirkulerbare flasker med etikettar som er lette å fjerna (og kasta i papirgjenvinninga). Ingen fargestoff, ingen parfyme, ingen miljøfarlege kjemikalier. Berre såpe, eddik og vatn!

 

Samfunnsansvar

Trollkaren Heming er oppteken av miljø og klima, og prøver å laga minst mogleg problem for kloden vår. Difor blir alt avfall kjeldesortert, og så mykje som mogleg blir bruka om igjen før det blir kasta. Dette kan du som kunde se ved at fraktemballasje du får frå Trollkar kanskje kan vera merkt med tekst eller logo frå andre bedrifter - det er betre for miljøet og billigare for både Trollkar og deg å bruka emballasjen om igjen. Trollkar brukar esker, knapperøyr og annan emballasje frå leverandørar og andre bedrifter om igjen ved utsending av varer til kunder. Me sparer også frakt - og med det diesel og flybensin - på å få enkelte varer sendte direkte frå grossist til kunde. Difor håper Heming at du også brukar esker og fyllmateriale om igjen, eller gir det til nokon som har bruk for det - og at det blir kjeldesortert når det må kastast.

 

 

Foto: Audun Munthe (c) 2015

Telefon: +47 464 23 680

E-post: kontakt@trollkar.no

Laget av Eremitt Design for Trollkar

Alle rettigheter Trollkar

Foto: Audun Munthe (c) 2015