Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Tilbake til Kurs

Maskinstrikking trinn 2, 9.-10. mars 2019


Ledige plasser: 3
 

Dato: Lørdag 9. og søndag 10. mars 2018
Stad: Trollkar sin butikk i Haugesund sentrum (Kirkegata 187)
Tid: 10:00-17:00 begge dagane
Lærar: Heming Welde Thorbjørnsen
Pris: 2.150,-

NB! Kurslokalet er eitt trinn ned frå bakkeplan. Det er diverre ikkje rullestolrampe eller handikaptoalett tilgjengeleg.    

Kursprisen inkluderer undervisninga og garn til teknikkprøver. Garn til plagg du vil strikka, kjøper du i tillegg eller tar med heimefrå. NB! Kursleiaren kan setja grenser for kva type garn du kan bruka på kurset.

Dette kurset er for deg som har gått trinn 1 eller kan det mest grunnleggjande frå før.

Til dette kurset må alle deltakarar ha med si eiga strikkemaskin. Viss du er usikker på om strikkemaskina di er egna, eller viss du treng å få sett over maskina før kurset startar, ta kontakt på kontakt@trollkar.no eller telefon 464 23 680. Du som melder deg på kurs får også gode rabattar på nye strikkemaskiner. Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod!

Du kan ha med eige garn eller kjøpa maskinstrikkegarn under kurset. Dersom du har med eige garn, pass på at det er egna til maskina du skal bruka. Kurshaldaren kan setja grenser for kva for garn du får bruka under kurset.

Me lærer:
– å leggja opp med tungenål
– å forma plagg med nåler i kvil
– å strikka sokkar utan patentapparat
– å strikka enkel og dobbel lue
– å strikka stort trekantsjal med frynsekant

Me jobbar ikkje med:
– mønsterstrikking
– patent- eller vrangbordapparat

Påmeldinga er bindande. Det er ingen refusjon ved avmelding, uansett grunn. Dersom kurset skulle bli avlyst, får du sjølvsagt pengane tilbake. Ved å melda deg på, godtek du desse vilkåra.

* Required

Personalia









Betalingsinformasjon


Bankkort





Hva er dette?

2150,-

Eg vil bli med i kundeklubben, og motta e-post inntil seks gonger i året med tilbod og nyheiter frå Trollkar

Eg godtek vilkåra for bruk av denne tenesta.

Påmeldinga er bindande. Det er ingen refusjon ved avmelding, uansett grunn. Kursplassen kan ikkje seljast vidare eller på annan måte overførast til andre utan skriftleg avtale med Trollkar. Prisen for kurset inkluderer kun undervisninga og eventuelt kursperm/-hefte der dette er nemnd i kursbeskrivinga. Materiale og utstyr kan kjøpast på kurset, eller du kan ha med heimefrå. Kurshaldaren kan leggja føringar for kva for materiale du kan bruka på kurset. Eventuell reise, overnatting, mat og andre tilleggsutgifter er ikkje inkluderte. Dersom kurset skulle bli avlyst av oss, får du sjølvsagt pengane tilbake. Ved å melda deg på, godtek du desse vilkåra.