Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Tilbake til Kurs

KVELDSKURS: Mønsterstrikking på LK-150 manuell strikkemaskin


Ledige plasser: 6
 

Dato: Fire tirsdagskveldar med oppstart 12. mars 2019
Stad: Trollkar sine lokale i Haugesund sentrum (Kirkegata 187)
Tid: 18:30-21:30
Lærar: Heming Welde Thorbjørnsen
Pris: 2.150,-

NB! Det er eitt trinn ned frå gateplan til kurslokalet. Det er diverre ikkje rullestolrampe eller HC-toalett i lokalet.

Dette kurset er for deg som har ei manuell mellomstrikkemaskin av typen Silver Reed LK-150 og som vil læra å strikka handmanipulert mønster med både fargar og struktur. I løpet av fire kveldar går me gjennom både fargemønster og strukturmønster, og lærer samtidig å lesa og teikna mønsterdiagram for maskinstrikking.

Me lærer om:
- "Norsk mønster" / Fair Isle med to fargar
- Tuck/patent/fangmønster med ein eller to fargar
- Slip/løpemønster med ein eller to fargar
- Fletter og snorer
- Hòlmønster/kunststrikk

På dette kurset strikkar me ingen ferdige plagg, men lagar ein eller fleire prøvelappar til kvar teknikk. Du må kunne det grunnleggjande om maskina di frå før, og det er spesielt viktig at du har øvd godt på opplegg og avfelling og får til dette aleine. Det er lurt viss du har litt tid til heimearbeid mellom kurskveldane.

Kursprisen inkluderer undervisninga, kaffi/te og litt kaffimat. Garn kan du ha med sjølv eller kjøpa i Trollkar-butikken under kurset.

Kurset går over fire tirsdagskveldar, tre timar kvar gong:
- 12. mars
- 19. mars
- 26. mars
- 2. april     

Påmeldinga er bindande. Det er ingen refusjon ved avmelding, uansett grunn. Det er heller ingen delvis refusjon dersom du ikkje kan delta alle kveldane. Dersom kurset skulle bli avlyst, får du sjølvsagt pengane tilbake. Ved å melda deg på, godtek du desse vilkåra.

* Required

Personalia









Betalingsinformasjon


Bankkort





Hva er dette?

2150,-

Eg vil bli med i kundeklubben, og motta e-post inntil seks gonger i året med tilbod og nyheiter frå Trollkar

Eg godtek vilkåra for bruk av denne tenesta.

Påmeldinga er bindande. Det er ingen refusjon ved avmelding, uansett grunn. Kursplassen kan ikkje seljast vidare eller på annan måte overførast til andre utan skriftleg avtale med Trollkar. Prisen for kurset inkluderer kun undervisninga og eventuelt kursperm/-hefte der dette er nemnd i kursbeskrivinga. Materiale og utstyr kan kjøpast på kurset, eller du kan ha med heimefrå. Kurshaldaren kan leggja føringar for kva for materiale du kan bruka på kurset. Eventuell reise, overnatting, mat og andre tilleggsutgifter er ikkje inkluderte. Dersom kurset skulle bli avlyst av oss, får du sjølvsagt pengane tilbake. Ved å melda deg på, godtek du desse vilkåra.