Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Tilbake til Kurs

Lær deg DesignaKnit 8


Ledige plasser: 0
 

Dato: Lørdag 23. og søndag 24. mars 2019 
Stad: Trollkar sin butikk i Haugesund sentrum (Kirkegata 187)
Tid: 10:00-17:00 begge dagane
Lærar: Marit Buset        
Pris: 2.400,-

NB! Kurslokalet er eitt trinn ned frå bakkeplan. Det er diverre ikkje rullestolrampe eller handikaptoalett tilgjengeleg.    

Dette kurset gir deg ei grundig innføring i programvaren DesignaKnit 8, som blir brukt til å styra elektroniske strikkemaskiner. Du lagar dine eigne mønster og fasongar, og blir heilt fri frå alle strikkeoppskrifter. DesignaKnit kan også brukast som strikkeleiar til mekaniska strikkemaskiner med eller utan hòlkort ved hjelp av kabelen ScreenLinkUSB, og er ypperleg til design for handstrikking.

Kurset startar på heilt grunnleggande nivå, men passar også for deg som kan litt frå før og ønskjer ei grundig gjennomgang av funksjonane i programvaren. Dette er eit reint teorikurs med nokre demonstrasjonar av praktisk bruk. Kurset er også ypperleg som forkurs til studiet i kreativ maskinstrikking ved Universitetet i Sørøst-Norge.

Lærebok for kurset er heftet "Å TEGNE OG STRIKKE MØNSTER OG FASONG MED DesignaKnit8 OG SILVER REED ELEKTRONISK STRIKKEMASKIN SK 840"*. Viss du ikkje har dette heftet frå før, kan du kjøpa det frå kursleiaren. Demonstrasjonane vil foregå på strikkemaskina Silver Reed SK-840, men kurset passar også for deg som har maskin av andre merker, til dømes Brother eller eldre Norsy- eller Knitmaster-modellar.

Til dette kurset må du ha med deg:
- PC med DesignaKnit 8 installert
- Kursheftet* (viss du har)
- Skrivesaker og notatblokk (rutepapir er nyttig)

Viss du brukar laptop med styreflate, anbefaler me å ha ekstern mus kopla til.

Marit Buset er forfattar av Maskinstrikkeboka (2014), og underviser på studiet i kreativ maskinstrikking ved Universitetet i Sørøst-Norge (Institutt for folkekultur, Rauland). Marit har strikka på maskin sidan 1982, og har hovudfag i maskinstrikking frå Høgskolen i Oslo. Ho er ein av dei framste ekspertane på maskinstrikking i Norge, og er ansvarleg importør av DesignaKnit og strikkemaskinmerket Silver Reed.

*Kursheftet følgjer med ved kjøp av ny SK-840 strikkemaskin i Norge som vedlegg til brukarhandboka.

* Må fyllast ut

Personalia









Betalingsinformasjon


Bankkort





Hva er dette?

2400,- (ingen mva)

Eg vil bli med i kundeklubben, og motta e-post inntil seks gonger i året med tilbod og nyheiter frå Trollkar

Eg godtek vilkåra for bruk av denne tenesta.

Påmeldinga er bindande. Det er ingen refusjon ved avmelding, uansett grunn. Kursplassen kan ikkje seljast vidare eller på annan måte overførast til andre utan skriftleg avtale med Trollkar. Prisen for kurset inkluderer kun undervisninga og eventuelt kursperm/-hefte der dette er nemnd i kursbeskrivinga. Materiale og utstyr kan kjøpast på kurset, eller du kan ha med heimefrå. Kurshaldaren kan leggja føringar for kva for materiale du kan bruka på kurset. Eventuell reise, overnatting, mat og andre tilleggsutgifter er ikkje inkluderte. Dersom kurset skulle bli avlyst av oss, får du sjølvsagt pengane tilbake. Ved å melda deg på, godtek du desse vilkåra.