Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Tilbake til Kurs

Overlock trinn 1: Nybegynnar


Ledige plasser: 5
 

Dato: Lørdag 30. mars 2019
Stad: Trollkar sine lokale i Haugesund sentrum (Kirkegata 187)
Tid: 10:00-17:00
Lærar: Cecilie Bergin Ditlevsen
Pris: 1.250,- inkludert materialpakke

NB! Det er eitt trinn ned frå gateplan til kurslokalet. Det er diverre ikkje rullestolrampe eller HC-toalett i lokalet.

Me går gjennom alle grunnleggande saumar og funksjonar på overlockmaskin.
Kurset passar både for deg som aldri har sydd med overlock før, og for deg som har sydd ein del, men som vil læra alt det tekniske om maskina di.

Emner:
Me trær maskina frå grunnen.
Me øver på å sy pen saum i vanskelege svingar og former.
Me lærer å finstilla for ulike stoff og trådtypar.
Me snakkar om val av tråd, nål og saumtype til ulike stoff og prosjekt.
Me lærer å finna feilen når saumen ikkje blir som forventa.
Me går gjennom ulike måtar å festa saumen på.
Me testar ut rullesaum, flatlock og andre dekorative saumtyper.

Me syr også eitt eller to små prosjekt for å øva på det me har lært

Cecilie Bergin Ditlevsen syr barneklede og strikkeposar for sal under merkenamnet Fragaria Bergin. Ho driv også med tilpassing av selskapskjolar og brudekjolar, og er ein engasjert håndarbeidsentusiast. Cecilie har mange års erfaring som kurshaldar, der overlockkursa var spesielt populære.

Kursprisen inkluderer undervisninga, kaffi/te og litt "snop" og materialpakke som inneheld det du treng av forbruksvarer i løpet av kurset. Du kan også handla i Trollkar-butikken under kurset viss det er noko du manglar eller har lyst på.

* Påkrevd

Personalia









Betalingsinformasjon


Bankkort





Hva er dette?

1.250,- (ingen mva)


Eg vil bli med i kundeklubben, og motta e-post inntil seks gonger i året med tilbod og nyheiter frå Trollkar

Eg godtek vilkåra for bruk av denne tenesta.

Påmeldinga er bindande. Det er ingen refusjon ved avmelding, uansett grunn. Kursplassen kan ikkje seljast vidare eller på annan måte overførast til andre utan skriftleg avtale med Trollkar. Prisen for kurset inkluderer kun undervisninga og eventuelt kursperm/-hefte der dette er nemnd i kursbeskrivinga. Materiale og utstyr kan kjøpast på kurset, eller du kan ha med heimefrå. Kurshaldaren kan leggja føringar for kva for materiale du kan bruka på kurset. Eventuell reise, overnatting, mat og andre tilleggsutgifter er ikkje inkluderte. Dersom kurset skulle bli avlyst av oss, får du sjølvsagt pengane tilbake. Ved å melda deg på, godtek du desse vilkåra.