Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Tilbake til Kurs

Overlock trinn 2: T-skjorter


Ledige plasser: 5
 

Dato: Søndag 31. mars 2018
Stad: Trollkar sine lokale i Haugesund sentrum (Kirkegata 187)
Tid: 10:00-17:00
Lærar: Cecilie Bergin Ditlevsen
Pris: 1.250,-

NB! Det er eitt trinn ned frå gateplan til kurslokalet. Det er diverre ikkje rullestolrampe eller HC-toalett i lokalet.

Me syr kvar vår T-skjorte tilpassa etter personlege mål, og går grundig gjennom dei teknikkane som skal til. Dette kurset passar for deg som har gått Overlock trinn 1 frå før, eller som allereie kan grunnleggande overlock-saum.

Materialpakke er ikkje inkludert. Du treng ca. 1 meter jersey eller anna passande stoff til kurset, og tråd som passar til. Tråd, nåler og anna sytilbehør kan du kjøpa hjå Trollkar, men me har svært begrensa utval av stoffer.

Cecilie Bergin Ditlevsen syr barneklede og strikkeposar for sal under merkenamnet Fragaria Bergin. Ho driv også med tilpassing av selskapskjolar og brudekjolar, og er ein engasjert håndarbeidsentusiast. Cecilie har mange års erfaring som kurshaldar, der overlockkursa var spesielt populære.

Kursprisen inkluderer undervisninga, kaffi/te og litt "snop". Du kan også handla i Trollkar-butikken under kurset viss det er noko du manglar eller har lyst på.

* Påkrevd

Personalia









Betalingsinformasjon


Bankkort





Hva er dette?

1.250,- (ingen mva)


Eg vil bli med i kundeklubben, og motta e-post inntil seks gonger i året med tilbod og nyheiter frå Trollkar

Eg godtek vilkåra for bruk av denne tenesta.

Påmeldinga er bindande. Det er ingen refusjon ved avmelding, uansett grunn. Kursplassen kan ikkje seljast vidare eller på annan måte overførast til andre utan skriftleg avtale med Trollkar. Prisen for kurset inkluderer kun undervisninga og eventuelt kursperm/-hefte der dette er nemnd i kursbeskrivinga. Materiale og utstyr kan kjøpast på kurset, eller du kan ha med heimefrå. Kurshaldaren kan leggja føringar for kva for materiale du kan bruka på kurset. Eventuell reise, overnatting, mat og andre tilleggsutgifter er ikkje inkluderte. Dersom kurset skulle bli avlyst av oss, får du sjølvsagt pengane tilbake. Ved å melda deg på, godtek du desse vilkåra.