Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Tilbake til Kurs

Bli ven med symaskina


Ledige plasser: 6
 

Dato: Lørdag 26. januar 2019

Stad: Trollkar-butikken i Haugesund sentrum (Kirkegata 187)
Tid: 10:00-17:00
Lærar: Cecilie Bergin Ditlevsen
Pris: 1.250,- (inkludert materialpakke)

NB! Det er eitt trinn ned frå gateplan til kurslokalet. Det er diverre ikkje rullestolrampe eller HC-toalett i lokalet.

Dette er kurset for deg som aldri har sydd noko før, eller for deg som er heilt i startgropa, og ønsker å læra det grunnleggande om saum.

Me syr eitt eller to enkle prosjekt i vevde stoffer, og går slik gjennom mange ulike teknikkar som er nyttige å kunna. Me øver på å lesa og forstå eit symønster, og snakkar om korleis ein finn rett stoff til ulik bruk.

Ein viktig del av kurset er det å finna sygleden og motivasjonen for vidare saum! Når du først kan dei grunnleggande prinsippa, er det lett å utvikla kunnskapen vidare.

Cecilie Bergin Ditlevsen syr barneklede og strikkeposar for sal under merkenamnet Fragaria Bergin. Ho driv også med tilpassing av selskapskjolar og brudekjolar, og er ein engasjert håndarbeidsentusiast. Cecilie har mange års erfaring som kurshaldar.

Kursprisen inkluderer undervisninga, kaffi/te og litt "snop" og materialpakke som inneheld det du treng av forbruksvarer i løpet av kurset. Du kan også handla i Trollkar-butikken under kurset viss det er noko du manglar eller har lyst på.

* Påkrevd

Personalia









Betalingsinformasjon


Bankkort





Hva er dette?

1.250,- (ingen mva)


Eg vil bli med i kundeklubben, og motta e-post inntil seks gonger i året med tilbod og nyheiter frå Trollkar

Eg godtek vilkåra for bruk av denne tenesta.

 

Påmeldinga er bindande. Det er ingen refusjon ved avmelding, uansett grunn. Kursplassen kan ikkje seljast vidare eller på annan måte overførast til andre utan skriftleg avtale med Trollkar. Prisen for kurset inkluderer kun undervisninga og eventuelt kursperm/-hefte der dette er nemnd i kursbeskrivinga. Materiale og utstyr kan kjøpast på kurset, eller du kan ha med heimefrå. Kurshaldaren kan leggja føringar for kva for materiale du kan bruka på kurset. Eventuell reise, overnatting, mat og andre tilleggsutgifter er ikkje inkluderte. Dersom kurset skulle bli avlyst av oss, får du sjølvsagt pengane tilbake. Ved å melda deg på, godtek du desse vilkåra.