Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Tilbake til Kurs

Dameklede: Tilpassing av mønster


Ledige plasser: 3
 

Dato: Lørdag 16. og søndag 17. februar 2019

Stad: Trollkar-butikken i Haugesund sentrum (Kirkegata 187)
Tid: 10:00-17:00 begge dagane
Lærar: Cecilie Bergin Ditlevsen
Pris: 2.150,-

NB! Det er eitt trinn ned frå gateplan til kurslokalet. Det er diverre ikkje rullestolrampe eller HC-toalett i lokalet.

Dette er kurset for deg som ønskjer å sy plagg til dame, tilpassa mønster til dine eigne mål og ønsker og læra korleis du får eit plagg til å passa perfekt!        

Me syr eitt plagg kvar (skjørt eller kjole) i løpet av kurset, og går slik gjennom mange ulike teknikkar som er nyttige å kunna. Me øver på å tilpassa eit symønster til personlege mål, og snakkar om korleis ein finn rett stoff til ulik bruk. Du kan velja mellom to-tre ulike basismodellar som du sjølv tilpassar til det du ønsker deg.

Dette kurset er for deg som allereie kan sy, men vil læra å gjera personlege tilpassingar av mønster. Perfekt for deg som vil skapa din eigen garderobe heilt etter din eigen smak der alle plagg sit perfekt på kroppen!

Ein viktig del av kurset er det å finna sygleden og motivasjonen for vidare saum! Når du først kan dei grunnleggande prinsippa, er det lett å utvikla kunnskapen vidare.

Dette kurset inkluderer ikkje materialpakke. Du treng ca. 2,5 til 4 meter stoff alt etter kva du skal sy - meir informasjon om val av symønster og kva du treng til dei ulike prosjekta kjem til dei som er påmeldte ca 14 dagar før kurset.

Cecilie Bergin Ditlevsen syr barneklede og strikkeposar for sal under merkenamnet Fragaria Bergin. Ho driv også med tilpassing av selskapskjolar og brudekjolar, og er ein engasjert håndarbeidsentusiast. Cecilie har mange års erfaring som kurshaldar.

Kursprisen inkluderer undervisninga, kaffi/te og litt "snop". Du kan også handla i Trollkar-butikken under kurset viss det er noko du manglar eller har lyst på.

* Required

Personalia









Betalingsinformasjon


Bankkort





Hva er dette?

2150,-

Eg vil bli med i kundeklubben, og motta e-post inntil seks gonger i året med tilbod og nyheiter frå Trollkar

Eg godtek vilkåra for bruk av denne tenesta.

Påmeldinga er bindande. Det er ingen refusjon ved avmelding, uansett grunn. Kursplassen kan ikkje seljast vidare eller på annan måte overførast til andre utan skriftleg avtale med Trollkar. Prisen for kurset inkluderer kun undervisninga og eventuelt kursperm/-hefte der dette er nemnd i kursbeskrivinga. Materiale og utstyr kan kjøpast på kurset, eller du kan ha med heimefrå. Kurshaldaren kan leggja føringar for kva for materiale du kan bruka på kurset. Eventuell reise, overnatting, mat og andre tilleggsutgifter er ikkje inkluderte. Dersom kurset skulle bli avlyst av oss, får du sjølvsagt pengane tilbake. Ved å melda deg på, godtek du desse vilkåra.