Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Tilbake til Kurs

Sy barneklede etter mønster


Ledige plasser: 4
 

Dato: Lørdag 16. mars 2019 

Stad: Trollkar-butikken i Haugesund sentrum (Kirkegata 187)
Tid: 10:00-17:00
Lærar: Cecilie Bergin Ditlevsen
Pris: 1.250,-

NB! Det er eitt trinn ned frå gateplan til kurslokalet. Det er diverre ikkje rullestolrampe eller HC-toalett i lokalet.

Dette er eit kurs for deg som ikkje har sydd så mykje før, eller som ønsker å læra meir om korleis ein enkelt syr gode og spanande klede til barn.

Me syr eitt eller to plagg til barn, og lærer med det mange ulike teknikkar som er nyttige å kunna. Vi øver på å lesa og forstå eit symønster, og snakkar om korleis ein finn rett stoff til ulik bruk.

Ein viktig del av kurset er det å finna sygleden og motivasjonen for vidare saum! Når du først kan dei grunnleggande prinsippa, er det lett å utvikla kunnskapen vidare.

Prisen på kurset inkluderer eitt symønster frå MiniKrea, men ikkje materialpakke med stoff og tråd. Du vil få tilsendt informasjon ca. 14 dagar før kurset om val av symønster og kva du treng å ha med deg.

Cecilie Bergin Ditlevsen syr barneklede og strikkeposar for sal under merkenamnet Fragaria Bergin. Ho driv også med tilpassing av selskapskjolar og brudekjolar, og er ein engasjert håndarbeidsentusiast. Cecilie har mange års erfaring som kurshaldar.

Kursprisen inkluderer undervisninga, symønsteret du treng til kurset, kaffi/te og litt "snop". Du kan også handla i Trollkar-butikken under kurset viss det er noko du manglar eller har lyst på.

* Påkrevd

Personalia









Betalingsinformasjon


Bankkort





Hva er dette?

1.250,- (ingen mva)


Eg vil bli med i kundeklubben, og motta e-post inntil seks gonger i året med tilbod og nyheiter frå Trollkar

Eg godtek vilkåra for bruk av denne tenesta.

 

Påmeldinga er bindande. Det er ingen refusjon ved avmelding, uansett grunn. Kursplassen kan ikkje seljast vidare eller på annan måte overførast til andre utan skriftleg avtale med Trollkar. Prisen for kurset inkluderer kun undervisninga og eventuelt kursperm/-hefte der dette er nemnd i kursbeskrivinga. Materiale og utstyr kan kjøpast på kurset, eller du kan ha med heimefrå. Kurshaldaren kan leggja føringar for kva for materiale du kan bruka på kurset. Eventuell reise, overnatting, mat og andre tilleggsutgifter er ikkje inkluderte. Dersom kurset skulle bli avlyst av oss, får du sjølvsagt pengane tilbake. Ved å melda deg på, godtek du desse vilkåra.