Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Tilbake til Kurs

Sykveld med Cecilie og Ingrid


Ledige plasser: 5
 

Ingrid og Cecilie inviterer til koseleg sykveld hjå Trollkar i Haugesund sentrum, tirsdag 5. mars kl. 18.00-22.00

Inngang kr. 100,- per person.

Ta med deg symaskin viss du har, eller lån maskiner og kjøp materialer i butikken. Du har sjølv med deg eit prosjekt eller ein idé, og Cecilie og Ingrid hjelper deg med det du treng. Begge har lang erfaring med å halda sykurs, og gir deg gjerne både starthjelp til nye prosjekt og støtte og heiarop til reparasjonar eller redesign.

Me har overlock- og coverstitchmaskiner som du kan bruka mens du er her, og du kan også prøva alle dei flotte symaskinene frå Brother. Men ta gjerne med symaskin sjølv viss du har. Du kan også bruka Trollkar sitt dampjern, godt klippebord med skjærematte og rullekniv, skreddarlinjalar, kritt osv. — og sjølvsagt har me masse kjekt sytilbehør til sals.

Denne kvelden er det også 10 % rabatt på alle varer i butikken (gjeld kun varer som er på lager og ikkje i kombinasjon med andre rabattar). Me har mellom anna symønster frå Sew Over It og Minikrea, eit lite utval metervarer, symaskiner i alle prisklasser, kjempegode arbeidslamper og mykje meir.

Sykvelden er i utgangspunktet for vaksne, men barn over 13 år er velkomne i lag med ein vaksen (begge må ha kjøpt billett). Inkludert i prisen er utlån av utstyr og servering av kaffi, te og "kaffimat".

Cecilie Bergin Ditlevsen og Ingrid Bergland har begge mange års erfaring med undervisning i saum og handarbeid, og har erfaring med alle typar saum av både klede, interiør, dekorasjonar og mykje meir.

Velkommen!

* Påkrevd

Personalia









Betalingsinformasjon


Bankkort





Hva er dette?

100,- (ingen mva)

Eg vil bli med i kundeklubben, og motta e-post inntil seks gonger i året med tilbod og nyheiter frå Trollkar

Eg godtek vilkåra for bruk av denne tenesta.

Påmeldinga er bindande. Det er ingen refusjon ved avmelding, uansett grunn. Kursplassen kan ikkje seljast vidare eller på annan måte overførast til andre utan skriftleg avtale med Trollkar. Prisen for kurset inkluderer kun undervisninga og eventuelt kursperm/-hefte der dette er nemnd i kursbeskrivinga. Materiale og utstyr kan kjøpast på kurset, eller du kan ha med heimefrå. Kurshaldaren kan leggja føringar for kva for materiale du kan bruka på kurset. Eventuell reise, overnatting, mat og andre tilleggsutgifter er ikkje inkluderte. Dersom kurset skulle bli avlyst av oss, får du sjølvsagt pengane tilbake. Ved å melda deg på, godtek du desse vilkåra.