Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Tilbake til Kurs

Verkstadkveld: Reparasjon av klede


Ledige plasser: 10
 

Tid: tirsdag 19. februar kl. 18-22
Stad: Trollkar-butikken i Haugesund sentrum (Kirkegata 187)
Ansvarleg: Cecilie Bergin Ditlevsen

Er du oppteken av å reparera og forlenga livet til kleda dine? Det er me og!

Fleire og fleire vil redusera forbruket sitt av klede, og me inviterer difor til ein spanande verkstadkveld for deg som vil vita meir om korleis du kan gi slitne klede nytt liv.

Dette er ikkje eit kurs, men me viser ulike teknikkar, og gir tips og råd om korleis du kan reparera klesplagg. Me fortel også litt om kva du bør se etter når du kjøper nye klede i butikken, og kva du kan gjera med klede som ikkje kan reparerast lenger.

Ta med deg symaskin og tilbehør viss du har, eller lån symaskin og anna utstyr frå Trollkar. Me har også overlock- og coverstitchmaskiner, dampe- og presseutstyr, klippebord, skreddarlinjalar, kritt osv. som du kan bruka mens du er her. Og sjølvsagt har me masse kjekt sy-utstyr til sals!

Denne kvelden får du også 10 % rabatt på alle varer i butikken (gjeld kun varer som er på lager, og ikkje i kombinasjon med andre rabattar).

Verkstadkvelden kostar kr. 300,- per person som du betaler når du kjem. Meld deg på i forkant ved å senda e-post til kontakt@trollkar.no viss du vil vera sikker på å få plass!

Påmeldinga er bindande. Det er ingen refusjon ved avmelding, uansett grunn. Kursplassen kan ikkje seljast vidare eller på annan måte overførast til andre utan skriftleg avtale med Trollkar. Prisen for kurset inkluderer kun undervisninga og eventuelt kursperm/-hefte der dette er nemnd i kursbeskrivinga. Materiale og utstyr kan kjøpast på kurset, eller du kan ha med heimefrå. Kurshaldaren kan leggja føringar for kva for materiale du kan bruka på kurset. Eventuell reise, overnatting, mat og andre tilleggsutgifter er ikkje inkluderte. Dersom kurset skulle bli avlyst av oss, får du sjølvsagt pengane tilbake. Ved å melda deg på, godtek du desse vilkåra.