Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Bøker


 

  • Hand-Manipulated Stitches for Machine Knitters

    Hand-Manipulated Stitches for Machine Knitters
    • 349,00 kr
    • Lagerstatus:  15

    Hand-Manipulated Stitches for Machine Knitters er ei svært nyttig bok! I tillegg til eit generelt kapittel om maskinstrikking og korleis maskina fungerer, får du forklaring på ei stor mengde handmanipulerte teknikkar for maskinstrikking. Her har du masse inspirasjon til kreativ maskinstrikking, og boka er like god som oppslagsverk som til sengelektyre. Boka kom først ut i 1990, og er nå endeleg tilbake på marknaden etter å ha vore utseld frå forlaget i mange år.

    Denne boka er pensum til studiet "Kreativ maskinstrikking" ved Universitetet i Sørøst-Norge.

    Forfattar Susan Guagliumi er frå USA og har strikka på maskin i ein kvinnealder. Ho underviser også i maskinstrikking, og har vore i Norge fleire gonger med foredrag og demonstrasjonar. Guagliumi har skrive fleire bøker om maskinstrikking, handstrikking og andre kreative hobbyar.

    NB! Boka er på engelsk og brukar amerikansk strikketerminologi. Mål og vekt er oppgitt i amerikanske einingar (tommar, fot, unser og pund).