Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Garn


 

  • Trollkar Shetlandsull (laus vekt)

    Trollkar Shetlandsull (laus vekt)
    001 Naturkvit 001 Naturkvit
    003 Ljos grå 003 Ljos grå
    382 Skifergrå 382 Skifergrå
    005 Mørk grå 005 Mørk grå
    002 Svart 002 Svart
    106 Sand 106 Sand
    411 Gråbrun 411 Gråbrun
    165 Brun 165 Brun
    511 Gul 511 Gul
    426 Oransje 426 Oransje
    501 Eplegrøn 501 Eplegrøn
    323 Ljos blågrøn 323 Ljos blågrøn
    079 Grågrøn 079 Grågrøn
    376 Mørk grøn 376 Mørk grøn
    422 Isblå 422 Isblå
    361 Dongeriblå 361 Dongeriblå
    503 Petroleum 503 Petroleum
    141 Gråblå 141 Gråblå
    329 Marineblå 329 Marineblå
    419 Rosa 419 Rosa
    506 Bringebærraud 506 Bringebærraud
    147 Mørk raud 147 Mørk raud
    035 Ljos brun 035 Ljos brun
    036 Rustbrun 036 Rustbrun
    • 108,00 kr
    • Lagerstatus:  
    • Farge

    Nytt frå Trollkar! Garn i laus vekt. Prisen er per hekto (100 gram), og du bestiller så mykje eller lite du vil ha og får heile bestillinga som éin spole eller eitt nøste.* Garnet blir til vanleg spolt for maskinstrikking. Viss du skal ha det til handstrikk, gi beskjed om dette i kommentarfeltet i handlekorga, så får du garnet i nøste utan voks.

    Dette garnet har fått nytt namn. Tidlegare heitte det Trollkar Koftegarn. Det er eksakt same garn som før, berre namnet er nytt!

    Trollkar Shetlandsull er eit gamaldags, hardtvunne kardegarn av rein shetlandsull. Dette er eit svært drygt garn av god kvalitet som held seg fint i mange år. Perfekt til tradisjonelle kofter, selbustrikk, bunadstrømper og andre tynne, lette ullplagg. Også perfekt til raggsokkar strikka med dobbelt garn (det er anbefalt å bruka forsterkingstråd i hæl og tå).

    Koftegarnet er farga før karding, noko som gjer at alle fargar utanom kvit og svart er melerte og gir eit levande, friskt uttrykk.

    Garnet passar til pinne 2,5 – 3,5 med enkel tråd og 4,5 – 6 med dobbel tråd.

    Spolt garn er voksa og klart til maskinstrikking, men kan sjølvsagt også strikkast for hand. Svært velegna til toving!

    Nm 8,4/2 = 4200 meter per kilo (100 gram = 420 meter).
    Anbefalt spenning på finstrikkar sp. 8-10 og mellomstrikkar sp. 3-5 (dobbel tråd sp. 7-9).
    Anbefalt masketettleik: 26-28 masker per 10 cm med enkel tråd.
    Garnet inneheld spinneolje og plagget bør difor vaskast før bruk. Tråden sveller litt ved første vask.

    Forbruk: Ca. 450 gram til einsfarga herregenser str. M (= dame L)

    100 % ull. Vask på 30 grader ullprogram med Trollkar Ullsåpe eller anna spesialvaskemiddel for ull. Tørk flatt i fasong. Tåler ikkje tørketrommel eller kjemisk rensing. Kan dampast lett på låg temperatur med lite damp. Mørke fargar kan farga av i første vask.

    NB! Ulike skjermar viser fargar ulikt. Du kan difor ikkje rekna med at fargane er eksakt som på skjermen. Bestill fargekart dersom du vil se fargane nøyaktig.

    * Kjøp antal 1 for 100 gram, 2 for 200 gram, 3 for 300 gram osv. I butikken i Haugesund kan du også kjøpa mindre enn 100 gram.

    Kikk også på desse produkta