Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Garn


 

  • Trollkar Ullsåpe

    Trollkar Ullsåpe
    Parfymefri Parfymefri
    Lavendel Lavendel
    Sedertre Sedertre
    • 69,00 kr
    • Lagerstatus:  
    • Variant

    TROLLKAR Ullsåpe er ei 100 % naturleg, handlaga flytande såpe basert på planteoljer. Såpa er spesielt utvikla for bruk på sarte tekstilar som ull, silke og blandingar som inneheld ull eller silke. Ullsåpa er heilt utan unødvendige tilsettingar som parfyme, fargestoff og konsistensgivar. Trollkar får svært gode tilbakemeldingar på denne såpa!

    Såpa finst i tre variantar: Parfymefri, sedertre og lavendel. Lavendel- og sedertre-variantane er tilsette eterisk olje (ca. 0,4 %).

    Sedertre er kjent som eit naturleg middel mot møll og andre småkryp, og kan vera med på å beskytta ullkleda dine under oppbevaring.

    Trollkar Ullsåpe er eit handlaga naturprodukt, og farge, lukt og konsistens kan variera. Viss såpa blir ståande lenge, kan ho skilja seg i flaska. Dette er normalt, og såpa vil normalisera seg når du vender flaska eit par gonger. Såpa er like effektiv sjølv om ho har skilt seg. Ved handvask må plagget skyllast nøye i reint vatn minst tre gonger etter vask. Ullplagg bør alltid tørka flatt i fasong. Bruk aldri skyllemiddel på ull som er merkt med "superwash". Følg alltid vaskeinstruksen på det du skal vaska.

    Ei flaske inneheld ca. 500 ml såpe og er nok til minst ti vask.

    Kikk også på desse produkta