Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Inspirasjon

Tips og inspirasjon om strikking og strikkemaskinar

Kunsten å velja riktig strikkemaskin

Trollkar Administrator - måndag, oktober 24, 2016
Det finst mange ulike typer strikkemaskiner å velja mellom, og det kan vera vanskeleg å vita kva som er riktig maskin for deg - særleg viss du er på jakt etter di første strikkemaskin. Her er ei oversikt over kva for strikkemaskiner som er tilgjengelege frå Trollkar og kva dei kan brukast til, så blir det kanskje litt enklare å velja.

Finstrikkar SK-280 med hòlkortsystem
Dette er den mest populære modellen, og også den mest anvendelege når det kjem til kva slags garn du kan bruka. Maskina har 200 nåler (masker) med 4,5 mm avstand mellom nålene. Du kan strikka med svært tynne garn, til dømes Trollkar Merino lamull (8500 m per kg), og du kan strikka med handstrikkegarn opptil tjukkelse som tilsvarer babyull. Og sjølvsagt alle slags garn som er tynnare enn babyull og tjukkare enn sytråd. Ein generell regel for deg som vil bruka handstrikkegarn er at viss garnet er oppgitt til å ha minst 26 masker på 10 cm, er minst 175 meter per nøste (50 g) og er relativt elastisk, så kan du bruka det på denne maskina. Det blir likevel finare resultat og enklare å strikka med garn som er minst 200 meter på eit vanleg nøste. Uelastiske garn (til dømes bomull eller rein silke) bør vera ein god del tynnare enn elastiske garn (til dømes rein ull). Med alle desse garntypane å velja mellom, kan du strikka mange ulike typar klede og interiørvarer, og det er nesten berre fantasien som set grenser. Hòlkortsystemet gjer at du kan strikka mønster (fargemønster, hòlmønster, strukturmønster osv - 24 masker rapport) automatisk, og du kan kjøpa masse kjekt ekstrautstyr til denne maskina (til dømes ribbapparat, intarsiaslede, hòlslede, fargevekslar etc.).

Manuell mellomstrikkar LK-150
Dette er ei maskin som er veldig enkel å bruka, og den rimelegaste i innkjøp. Det er ei populær maskin før nybyrjarar, men det er også mange erfarne strikkarar som har glede av denne. Denne maskina har 150 nåler med 6,5 mm avstand mellom nålene. Du kan bruka nesten kva som helst av vanleg handstrikkegarn opptil det som kan strikkast på ca. pinne nr 7-8 for hand. Maskina klarer også effektgarn greitt, så her kan du strikka med pelsgarn, bouclé og andre spesialitetar som vanlege finstrikkemaskiner ikkje får til. Men med denne maskina må alle typar mønster gjerast manuelt - du må manipulera éi og éi nål for å laga det mønsteret du vil ha. Det er litt meir tidkrevjande enn ei maskin med hòlkortsystem, men du kan strikka alle dei same mønstertypane med denne maskina. Av ekstrautstyr finst kun intarsiaslede til denne maskina, så avanserte mønsterteknikkar vil kunna vera litt meir arbeid enn på SK-280. For deg som likar tjukke plagg, eller ofte strikkar for toving, er dette ei ypperleg maskin.

Grovstrikkar SK-155 med hòlkortsystem
Dette er maskina for deg som vil strikka med veldig tjukke garn. Her har du 110 nåler med 9 mm avstand - altså dobbelt så grov som SK-280. Denne maskina likar best tjukke til svært tjukke garn, til dømes handstrikkegarn til pinne 6 og tjukkare. Denne maskina er heilt ideell for deg som vil strikka tova plagg med mønster, sidan hòlkortsystemet gjer det lettvint å strikka mønster automatisk (12 masker rapport). Denne maskina klarer nesten kva som helst av garn som kan strikkast for hand, med unntak av dei aller tjukkaste ekstremvariantane. Det er også fint å bruka grovstrikkar til å strikka med tynnare garn for å få luftige, lette sjal.

Datastyrt finstrikkar SK-840
Dette er same maskin som SK-280, men i staden for hòlkortlesar, har du elektronisk slede som du koplar til PC med programvaren Designa Knit 8. Då kan du strikka mønster fritt over heile breidda av maskina (200 masker). Du kan teikna eller importera bilde på PC-en og strikka det som mønster på eit putetrekk eller ein genser, eller laga plagg med tekst - her er det verkeleg store moglegheiter for kreativitet! På grunn av elektronikken blir maskina ein del meir kostbar enn dei mekaniske maskinene, og programvaren kostar også ein del, men for deg som vil stå heilt fritt til å strikka mønster utan tanke på rapportar, er det absolutt verd investeringa. I tillegg finst alt det same ekstrautstyret som til SK-280, så denne maskina står ikkje tilbake for noko.

Alle desse maskinene kan du sjølvsagt kjøpa i nettbutikken til Trollkar!