Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Inspirasjon

Tips og inspirasjon om strikking og strikkemaskinar

Maskinstrikkegarn - kva betyr talkodane?

Heming Thorbjørnsen - søndag, oktober 30, 2016

Eg får mange spørsmål om kva talkodene på maskinstrikkegarn betyr. Til dømes står det "Trollkar Koftegarn, 100 % ull, Nm 8,4/2" Så kva er dette mystiske Nm, og kva betyr 8,4/2?

Nm er ei forkorting for "metrisk garn-nummerering", og viser altså kva for system talet 8,4/2 viser til. På same måte som at ulike land har ulik valuta, og ulike stikkontakter, så har ulike bransjer ulike system for korleis ein skriv kor tjukk ein tråd er. Andre system er til dømes Denier, som du kanskje kjenner til viss du brukar silkestrømper, og Tex-standard, som er vanleg i veveri. Men til strikking er altså Nm det vanlegaste.

I Nm-systemet får garnet eit nummer som består av to tal skilde med skråstrek. Talet etter skråstreken fortel deg kor mange tråder som er i garnet. Så viss det står 8,4/2 eller 17/2 eller 6,3/2, så er det to-tråds uansett. Tilsvarande er 20/3, 11,5/3 og 8/3 alle tre-tråds garntypar.

Talet før skråstreken viser kor tjukk kvar av trådane i garnet (ofte kalla grunntråd) er - ved å fortelja deg kor mange meter tråd som skal til for å veiga eitt gram. 8,4/2 har altså to trådar som kvar for seg er 8,4 meter per gram, og 20/3 har tre trådar som kvar for seg er 20 meter per gram.

Så langt er det jo ganske enkelt, ikkje sant? Så blir det litt meir komplisert når me skal finna ut om garnet er godt til maskinstrikking:

Løpelengda for kvar grunntråd må me dela på antal trådar for å finna løpelengda på garnet. Så me må altså lesa talet som ein brøk eller eit reknestykke. Fram med kalkulatoren! Dei fleste har jo ein i lomma, nemleg mobiltelefonen. Det er lurt å rekna om Nm-talet til meter per kilo, og hugsa at det tjukkaste du kan bruka på finstrikkar er 3000 meter per kilo (men helst 4000 eller tynnare).

Trollkar Koftegarn er Nm 8,4/2. 8,4:2=4,2 - altså har dette garnet 4,2 meter per gram, som er 4200 meter per kilo.

Trollkar Merino lamull er Nm 17/2. 17:2=8,5 - 8500 meter per kilo.

Huldra kamgarn frå Hillesvåg er Nm 8,5/2. 8,5:2=4,25 - 4250 meter per kilo.

Alv kamgarn frå Hillesvåg er Nm 14/2. 14:2=7 - 7000 meter per kilo.

Og viss eit garn til dømes er Nm 11,5/3 så blir det 3833 meter per kilo, Nm 21/6 er 3500 meter per kilo osv.

Så desse Nm-tala er like tjukt garn (5000 meter per kilo): 5/1 - 10/2 - 15/3 - 20/4 - 60/12.

Nokre gonger er det både brøkstrek og gangeteikn! Dette gjeld garn med perletvinn (også kalla kabelgarn), der det først er spunne grunntråd, så tvunne garn av dette og til slutt kabelgarn av garnet. Då er det første talet løpelengde på grunntråden, det andre talet talet på grunntrådar i garnet og det tredje talet er kor mange garn det er i kabelen. Så Nm 21/2*3 er eit sekstrådsgarn der to og to trådar først er spunne saman, og så er tre slike totrådsgarn spunne saman. Triplex frå Sandnes var eit slikt garn, Perlekrepp eit anna. Merinoull og Tynn merinoull frå sandnes er også slike, og Dale har nokre perletvunne garn. Du les tjukkelsen ved å rekna ut gangestykket først (2*3=6) og så delestykket (21:6=3,5 - 3500 meter per kilo).

Og viss du har eit garnnøste i handa, så står det ofte at det er X meter per 50 gram (standardnøste), så då kan du ganga det meter-talet med 20 for å få meter per kilo. Baby Panda, Finullgarn, Lanett, Sisu og Sandnes tynn merinoull er til dømes alle 175*20=3500 - 3500 meter per kilo og kan strikkast på finstrikkar. Trollkar Sommarull er 2340 meter per kilo (Nm 14/6) og er kjempefint på mellom- og grovstrikkar.

Kommentarer
Anonym commented on 30-Oct-2016 10:40 PM
Kjempebra. Dette må jeg lære meg.
Randi Falla commented on 31-Oct-2016 10:44 AM
Hei.
Dette er kjempebra. I Norge snakker ingen om garn og garnkvaliteter i forbindelse med opplæring på Strikkemaskin. Ingen. Så stor takk. Kan jeg dele denne til mine strikkemaskinsider? hilsen randi
TROLLKAR commented on 01-Nov-2016 08:59 PM
Hei! Tusen takk for skryt. Det er sjølvsagt i orden å dela alle artiklane mine kor du vil, så lenge du henviser til Trollkar.no der du deler.

Og forresten så snakkar eg om garn og garnkvalitetar på alle mine kurs ;-)

Skriv en kommentar


Skriv ordet i boksen under
Captcha Image
Din kommentar