Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Inspirasjon

Tips og inspirasjon om strikking og strikkemaskinar

Prøvelapp til maskeprøvelinjal

Trollkar Administrator - onsdag, november 16, 2016

Kvar gong du prøver ut eit nytt garn eller eit nytt mønster, må du strikka prøvelapp for å kunna rekna ut kor mange masker og rekker som utgjer 10x10 cm. Denne informasjonen treng du seinare til å rekna ut oppskrifta på det du skal strikka. Dei fleste maskiner har ein maskeprøvelinjal som reknar ut antal masker og rekke på 10 cm automatisk viss du strikkar standard prøvelapp.

For å laga ein standard prøvelapp til finstrikkar, strikkar du slik:

Legg opp på minst 60 nåler (H30-V30) med favorittopplegget ditt og strikk minst ti rekker. Heng på passeleg mykje lodd og strikk ti rekker til. Stopp med sleden på høgre side og set teljeverket til 000.

Skyv ut ei nål midt på lappen (H1 eller V1) til kvileposisjon. Lag ei trådløkke av garn i ein kontrastfarge (men helst same materiale) og strikk denne manuelt som ei ekstra maske på denne eine nåla. Strikk vidare til teljaren viser 030.

Skyv ut nålene H21 og V21 og strikk inn ei kontrastløkke på kvar av desse to nålene som over. Strikk vidare til teljaren viser 060.

Skyv ut midtnåla (den same som første gong) og strikk inn ei siste kontrastløkke. Strikk til teljaren viser 070.

Nå skal du markera lappen med spenning, slik at du hugsar kva slags innstilling du hadde på sleden. Du lagar ei hòlrekke av like mange hòl som spenningstalet. Viss du til dømes har spenning 6 på sleden, lagar du seks hòl. Viss du skal markera steg mellom heile nummer, gjer du dette med tre masker mellomrom og så eitt eller to hòl. Så for spenning 6++ lagar du seks hòl, hoppar over tre masker og lagar to hol. Begynn midt på lappen og lag hòl mot venstre - då kan du lesa koden frå venstre mot høgre på retta av lappen.

Fell av. Vask prøvelappen slik du kjem til å vaska det ferdige plagget og la lappen bli heilt tørr før du måler avstanden mellom merkemaskene.

Bruk grøn maskeprøvelinjal til finstrikkar. Den sida av linjalen som er merkt med R er til å måla rekker, altså frå innsida av det øvste merket til innsida av det nedste. Du måler frå kanten av linjalen og bort til talskalaen. Talet linjalen viser, er så mange rekker du har på 10 cm.

S-sida av linjalen er til masker (stitch på engelsk). Mål frå innsida av det venstre merket til innsida av det høgre - talet linjalen viser er så mange masker du har på 10 cm.

Viss du har mellomstrikkar, skal du bruka gul linjal og laga prøvelapp med merker på V16 og H16 og 40 rekker høgt. Grovstrikkar brukar blå linjal og skal ha merkene på V11 og H11 og 30 rekker høgt.