Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Inspirasjon

Tips og inspirasjon om strikking og strikkemaskinar

Prisar og vilkår for verkstadtenester

Trollkar Administrator - søndag, september 25, 2016

Trollkar har verkstad for garantireparasjonar og alminneleg vedlikehald av Silver Reed strikkemaskiner av kurant modell. Me har diverre ikkje lenger kapasitet til å ta inn maskiner av andre merker eller utgåtte modellar.

Garantireparasjonar er alltid gratis og går foran i køen.

Timeprisen for reparasjonar som ikkje går på garantien er kr. 790,- inkludert mva. Me fakturerer per påbegynte halvtime, men har ein minstepris på kr. 1250,- per oppdrag. Prisen på eventuelle delar som er bytta, kjem i tillegg. Diagnostikk/undersøking er gratis dersom maskina blir kondemnert, men blir rekna inn i timeprisen dersom me reparerer feilen.

Bytte av enkle slitedelar* kan gjerast mens du ventar og kostar prisen av delane pluss kr. 100,- per oppdrag. Bytte av andre delar reknast som reparasjon mot timepris (se over).

Andre vilkår:
Kunden betaler eventuelle utgifter til frakt til og frå verkstaden og står ansvarleg for eventuell forsikring under transport. Når du leverer inn ei maskin til service eller reparasjon, er det viktig å levera inn alle delar du har/brukar, med mindre me har avtalt noko anna på førehand. Trollkar kan nekta å utføra avtalt teneste dersom maskina ikkje er komplett.

Det er ofte ventetid på reparasjon og service, og du vil få beskjed ved innlevering om kor lenge du må rekna med å venta. Per oktober 2018 er ventetida fire til seks veker.

Når du har fått beskjed om at det du har levert inn til service/kontroll/reparasjon er ferdig, må det hentast innan tre månader rekna frå den dagen slik beskjed blei gitt. Gjenstandar som ikkje er henta innan denne fristen blir Trollkar sin eigedom og kan seljast eller avhendast på annan måte utan varsel eller kompensasjon. Ikkje avhenta utstyr som etter dette punktet er blitt Trollkar sin eigedom, kan kjøpast tilbake av kunden ved å betala for utført teneste pluss eit lager- og administrasjonsgebyr på kr. 1250,- per maskin.

* Enkle slitedelar er: Sperreskinne, nåler, børstehjul, gummihjul, plastskiver, tannhjul og skruar på sinkerarm.