Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Inspirasjon

Tips og inspirasjon om strikking og strikkemaskinar

Sokkar frå tåa og opp

Trollkar Administrator - fredag, september 02, 2016
Det er fleire fordelar med å strikka sokkane frå tåa og opp:
  •  
  • Om du strikkar med restegarn, kan du jo alltid strekkja til dømes to nøster til å rekka til eit par sokkar ved å gjera skaftene kortare, men om du begynner med foten, kan du strikka skaftet så langt som mogleg og fella av når du ikkje har meir garn igjen. Simples!
  •  
  • Du kan legga opp tåa i eitt stykke, så du ikkje treng å snurpa eller sy igjen noko.
  •  
  • Hælen ser ut som ein alminnelig hæl, men blir garantert utan små hòl, for du plukkar aldri opp masker.
  •  
  • Om du strikkar mønster på skaftet, får du ståande masker i mønsteret.
  •  
  • Og du kan fella av heilt usynleg og kjempeelastisk på toppen av vrangborda.

TRINN 1: MATTETIMEN

Nå reknar eg med at du har lese om prøvelappar i genseroppskrifta mi. Gjer det om ikkje du allereie har gjort det, og strikk prøvelapp så du veit kor fast du strikkar med garnet du bruker. Eg brukar Trollkar Slitesterk på pinne nr. 2, og har funne ut at eg treng 72 masker rundt foten (eg brukar sko nr. 43). Så mål rundt foten din rett bak stortåa, rekn ut kor mange masker du treng, og rund av nedover til det næraste masketalet som går opp i fire. Dette er ditt magiske masketal. Skriv opp dette og kva som er 1/4 og 1/2.

TRINN 2: LEGG OPP

Nå skal me legga opp slik at me unngår å måtta sy eller snurpa saman tåa til slutt. Det er litt fiklete, men med litt øving blir det enklare. Øv deg med noko restegarn eit par gonger først, så slit du ikkje ut sokkegarnet ditt.

Me skal legga opp på to pinnar, ikkje ein som kanskje er mest vanleg. Om du har tenkt å strikka magic loop, samlar du berre begge tuppane på rundpinnen din og legger opp på begge. Hald pinnane med litt mellomrom, slik at du lett kan føra ein tråd opp og ned mellom pinnane. Elles held du berre desse to pinnane slik du er vand til å halda den eine pinnen du vanlegvis legg opp med. Når dei to opne tuppane vender mot venstre slik du ser dei, er ein pinne nærast deg (framme) og ein lengst frå deg (bak). Bit deg merke i kva eg kallar fram og bak her. Om du blir i tvil, merk den eine pinnen.

Nå skal du ikkje laga renneløkke på garnet, men berre halda det i venstre hand slik du elles held garnet til vanleg opplegg - men "baklengs". Så du har garnet over tommel og peikefinger, med tråden frå nøstet over tommelen, og ein passelig lang trådende over peikefingeren.

Den første maska skal på den bakre pinnen. Stikk pinnane ovanfrå og nedover tråden slik at tråden går mellom pinnane og den bakre pinnen er mot venstre. Før den bakre pinnen rundt tommeltråden (på høgre side av tråden, altså) og opp, og vri pinnanne slik at fram er mot deg og bak er frå deg. Nå har du ei maske på den bakre pinnen, og ikkje nokon knute inni sokken. Smart, sant? Du kan gjera dette når du legg opp på éin pinne også (men då må du vri andre vegen).

Den andre maska skal på den framre pinnen. Det er alltid tråden frå peikefingeren som lagar masker på den framre pinnen, og tråden frå tommelen som lagar masker på den bakre pinnen. For å laga ei maske på den framre pinnen, fører du pinnane bak over trådane, ned bak peikefingertråden, og legg tråden over den framre pinnen og ned mellom pinnane. Ferdig!

Neste maske skal på den bakre pinnen igjen. Nå er det enklare enn den første maska: Før pinnane mot deg til dei er over tommeltråden. Før så pinnane nedover så tommeltråden kjem opp mellom pinnane, og legg tråden over den bakre pinnen. Det er ein video av dette her, men ho som laga den, visste ikkje om at du kan unngå renneløkka.

Så gjentar du desse to stega og lagar masker annankvar gong på framre og bakre pinne, til du har totalt 1/4 av det magiske masketalet ditt til saman på dei to pinnane. Du må ha like mange masker på kvar pinne, og den siste maska lagar du på den framre pinnen. Så eg som har eit magisk masketal på 72, skal ha 9 masker på kvar pinne (18 totalt, og 18 er 1/4 av 72). Legg opp ganske stramt, men ikkje så stramt at maskene ikkje glir på pinnane. Dette blir ei ganske rett tå, om du vil ha henne spissare, kan du legga opp færre masker, men aldri mindre enn seks på kvar pinne uansett.

TRINN 3: TÅ

Her begynner fikleriet, men ta det med ro: Det varar berre i to omgangar. Snu pinnane til venstre hand slik at det som var framre pinne til opplegget blir bakre i venstre hand. Det som kan vera vanskelig nå, er å passa på den lause tråden frå den nest siste maska du la opp. Prøv å halda han fast inni venstrehanda med ringfingeren, eller finn på ein betre måte sjølv. Berre ikkje mist denne maska. Strikk med tråden som kjem frå nøstet, og strikk først alle maskene på pinnen som er mot deg, og så alle maskene på den andre pinnen. Nå har du strikka alle maskene ein omgang rundt (dette var altså omgang 1). Nå kan du fordela maskene på fire pinnar om du skal det, og så kjem aukinga til tå. Om du vil ha flat tå, aukar du to masker i kvar side av sokken på annankvar omgang til du har fullt masketal. Om du vil ha rund tå, gjer du slik:

Omgang 2: To rette, auk ei maske, to rette, auk ei maske osv. ut omgangen. Den siste maska er altså ei auking mellom siste og første pinne, viss du strikkar på fem pinnar.

Omgang 3 og 4: Alle masker rett utan auking.

Omgang 5: Tre rette, auk ei maske, tre rette, auk ei maske osv.

Omgang 6, 7 og 8: Alle masker rett utan auking.

Slik fortset du i det same systemet til du har fullt masketal. Du skal altså ha ei maske meir mellom kvar auking på kvar aukeomgang, og ein omgang meir rettstrikk mellom kvar aukeomgang. Om dette ikkje går opp med det masketalet du skal ha, aukar du etter systemet så langt det går, og aukar litt færre masker enn systemet skulle gitt deg på den siste aukeomgangen. Set eit merke i den siste aukeomgangen.

TRINN 4: FOT

Nå strikkar du bere rett opp i glattstrikk til du skal begynna å auka til vrist. Prøv gjerne sokken på undervegs, og strikk til akkurat toppen av vrista. På ein middels herresokk (str. 43) er dette om lag 16 centimeter frå opplegget. Pass på at du stoppar på slutten av ein heil omgang, og noter deg kor mange omgangar du har strikka etter den siste aukeomgangen. Den andre sokken strikkar du lik etterpå, berre med å telja omgangar. Set eit merke der omgangen begynner og midt på omgangen.

TRINN 5: VRIST

Når du strikkar raggsokkar ovanifrå og ned, feller du av masker over vrista. Nå skal me heller auka masker: Omgangen begynner på den eine sida av vrista, og den andre sida av vrista er midt på omgangen. Resten av omgangen er hælmaskene. Me skal berre auka på hælsida av sokken.

Strikk til midtmerket (nå har du strikka alle vristmaskene). Strikk ei maske, auk ei maske. Strikk alle masker rett fram til den nest siste maska på omgangen. Auk ei maske og strikk den siste maska. Strikk ein heil omgang rett. Fortset slik til du har lagt til 1/4 av masketalet ditt. Set eit maske midt under hælen, altså midt mellom alle aukingane på den sida der det er flest masker. Eg har med mine 72 magiske masker altså nå 90 masker på omgangen, og eg har eit merke der omgangen begynner, eit etter 36 masker, og eit etter 63 masker (midt under hælen). Merket under hælen kjem eg til å kalla hælmerket vidare.

TRINN 6: HÆL

Nå skal du strikka ein heilt vanlig hæl, men du skal strikka han baklengs. Så der du vanligvis ville ha plukka opp masker langs hæl-lappen, kjem du nå til å fella lappen inntil vristmaskene mens du strikkar han. Men først skal me strikka kilen under hælen:

Strikk fram til hælmerket. Strikk vidare 1/8 av det magiske masketalet ditt minus ei maske (8 i mitt eksempel). Legg tråden på rettsida av arbeidet, ta neste maske laust av, legg tråden tilbake til vrangsida og snu. Ta den første maska laust av (den har du altså ikkje strikka i det hele, berre slynga med ein ekstra tråd). Dette kallar eg “slyng og snu” i resten av oppskrifta. Strikk vrangt tilbake til hælmerket, og vrangt vidare 1/8 av masketalet ditt minus ei maske. Slyng og snu. Strikk rett tilbake til ei maske før maska med slyng frå førre omgang, slyng og snu. Vrangt tilbake til maska før den med slyng, slyng og snu. Fortset slik til du har 4 eller 6 “vanlege” masker igjen mellom dei inste maskene med slyng (4 om du har grovt garn, 6 om du har tynt garn). Den siste maska du slynger er altså på slutten av ein vrang omgang. Nå har du mange masker med slyng etter kvarandre på kvar side av fire eller seks vanlege rettmasker.

Nå har du akkurat slynga og snudd den siste gongen, og skal strikka hæl-lappen. Strikk rett fram til slyngmaskene. Strikk alle slyngmaskene gjennom både slyngtråden og maska. Det er kanskje enklast å plukka opp slyngtråden og legga han på den venstre pinnen, og så strikka han saman med maska. Du aukar altså ingen masker, og feller ingen masker (ennå). Strikk til og med den siste slyngmaska på denne måten. Snu arbeidet (utan å slynga denne gongen). Ta den første maska rett av, strikk vrangt tilbake til og med den siste slyngmaska (hugs å strikka slyngtrådane saman med maskene dei går rundt), snu arbeidet.
Nå begynner neste felleprosess. Se på arbeidet ditt – på kvar side av hælen er det eit tydeleg hòl, eitt der du er nå og eitt på andre sida der du snudde sist. Ta den første maska rett av og strikk fram til hòlet. Strikk dei to maskene på kvar side av holet saman slik: Ta den første maska laust av frå venstre mot høgre, så den neste likt, set begge rett tilbake på venstre pinne og strikk dei vridd saman. Snu arbeidet utan å slynga. Ta den første maska laust av, strikk vrangt fram til ei maske før hòlet, og strikk dei to maskene på kvar side av hòlet vrangt saman. Snu utan slyng, og gjer likt fram og tilbake fram til du på ein pinne med retta mot deg strikkar saman dei to siste maskene før merket som gir deg starten på omgangen. Nå skal du strikka desse to maskene saman som før, men ikkje snu – strikk rett vidare rundt heile omgangen. Når du kjem til hòlet på andre sida av hælen, strikker du dei to maskene på kvar side av hòlet rett saman – utan noko dilldall – og strikkar rett vidare til slutten på omgangen. Nå er hælen ferdig. Sjekk at du er tilbake til det magiske masketalet ditt (72 for min del).

TRINN 7: SKAFT

Nå skal du strikka skaftet. Eg brukar vrangbord med to rette og to vrange, du kan gjera slik du helst vil. Strikk så langt du vil eller så langt du har garn til. Fell av på den mest elastiske måten du kan. Til vrangbord med ei rett og ei vrang likar eg å gjera det på denne måten, og til vrangbord med to rette og to vrange blir det på denne måten. Om du synst dette ser vanskelig ut, kan du fella av akkurat slik du vil, men gjer det veldig laust – bruk gjerne ein pinne minst to nummer større enn dei du har strikka med.

TRINN 8: STRIKK DEN ANDRE SOKKEN LIK

… og så kan du ta på deg sokkane dine, klikka her og dansa polka på sokkeleisten.

Lukke til!