Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Inspirasjon

Tips og inspirasjon om strikking og strikkemaskinar

Prøvelapp til maskeprøvelinjal

Heming Thorbjørnsen - onsdag, november 16, 2016

Kvar gong du prøver ut eit nytt garn eller eit nytt mønster, må du strikka prøvelapp for å kunna rekna ut kor mange masker og rekker som utgjer 10x10 cm. Denne informasjonen treng du seinare til å rekna ut oppskrifta på det du skal strikka. Dei fleste maskiner har ein maskeprøvelinjal (http://www.trollkar.no/strikkemaskiner/tilbehr-til-strikkemaskiner/maskeprvelinjal) som reknar ut antal masker og rekke på 10 cm automatisk viss du strikkar standard prøvelapp. For å laga ein standard prøvelapp til finstrikkar, strikkar du slik: Legg opp på minst 60 nåler (H30-V30) med favorittopplegget ditt og strikk minst ti rekker. Heng på passeleg mykje lodd og strikk ti rekker til. Stopp med sleden på høgre side og set teljeverket til 000. [...]

Sokkar frå tåa og opp

Heming Thorbjørnsen - fredag, september 02, 2016

Det er fleire fordelar med å strikka sokkane frå tåa og opp: Om du strikkar med restegarn, kan du jo alltid strekkja til dømes to nøster til å rekka til eit par sokkar ved å gjera skaftene kortare, men om du begynner med foten, kan du strikka skaftet så langt som mogleg og fella av når du ikkje har meir garn igjen. Simples! Du kan legga opp tåa i eitt stykke, så du ikkje treng å snurpa eller sy igjen noko. Hælen ser ut som ein alminnelig hæl, men blir garantert utan små hòl, for du plukkar aldri opp masker. Om du strikkar mønster på skaftet, får du ståande masker i mønsteret. Og du kan fella av heilt usynleg og kjempeelastisk på toppen av vrangborda. TRINN 1: MATTETIMENNå reknar eg m [...]

Genser med raglan- eller rundfelling

Heming Thorbjørnsen - søndag, august 21, 2016

Dette er den formelen eg brukar mest når eg reknar ut nye oppskrifter. Det blir ein middels kroppsnær genser som passerer som “klassisk” i fasongen – ikkje like vid som ein skigenser frå nittitalet, men ikkje så trang som eit pølseskinn frå 1976. Du har plass til skjorte under og jakke utanpå. Raglanfelling er enkelt og pent (eg går ut i frå at du veit kva raglanfelling er, men det står forklart lengre ned korleis du strikker ermene fast til bolen), og gir ein god passform som er kledelig til dei fleste kroppsfasongar. Om du er kvinne og har stor byste, trivst du antakelig betre i ein rundfelt genser med litt fleire masker i framstykket enn bakstykket (eg forklarer dette også lengre ned i teksten). Uansett kva du vel av ragla [...]