Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Inspirasjon

Tips og inspirasjon om strikking og strikkemaskinar

Prøvelapp til maskeprøvelinjal

Heming Thorbjørnsen - onsdag, november 16, 2016

Kvar gong du prøver ut eit nytt garn eller eit nytt mønster, må du strikka prøvelapp for å kunna rekna ut kor mange masker og rekker som utgjer 10x10 cm. Denne informasjonen treng du seinare til å rekna ut oppskrifta på det du skal strikka. Dei fleste maskiner har ein maskeprøvelinjal (http://www.trollkar.no/strikkemaskiner/tilbehr-til-strikkemaskiner/maskeprvelinjal) som reknar ut antal masker og rekke på 10 cm automatisk viss du strikkar standard prøvelapp. For å laga ein standard prøvelapp til finstrikkar, strikkar du slik: Legg opp på minst 60 nåler (H30-V30) med favorittopplegget ditt og strikk minst ti rekker. Heng på passeleg mykje lodd og strikk ti rekker til. Stopp med sleden på høgre side og set teljeverket til 000. [...]

Maskinstrikkegarn - kva betyr talkodane?

Heming Thorbjørnsen - søndag, oktober 30, 2016

Eg får mange spørsmål om kva talkodene på maskinstrikkegarn betyr. Til dømes står det "Trollkar Koftegarn, 100 % ull, Nm 8,4/2" Så kva er dette mystiske Nm, og kva betyr 8,4/2? Nm er ei forkorting for "metrisk garn-nummerering", og viser altså kva for system talet 8,4/2 viser til. På same måte som at ulike land har ulik valuta, og ulike stikkontakter, så har ulike bransjer ulike system for korleis ein skriv kor tjukk ein tråd er. Andre system er til dømes Denier, som du kanskje kjenner til viss du brukar silkestrømper, og Tex-standard, som er vanleg i veveri. Men til strikking er altså Nm det vanlegaste. I Nm-systemet får garnet eit nummer som består av to tal skilde med skråstrek. Talet etter skråstreken fortel deg kor mange  [...]