Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Inspirasjon

Tips og inspirasjon om strikking og strikkemaskinar

Prøvelapp til maskeprøvelinjal

Trollkar Administrator - onsdag, november 16, 2016

Kvar gong du prøver ut eit nytt garn eller eit nytt mønster, må du strikka prøvelapp for å kunna rekna ut kor mange masker og rekker som utgjer 10x10 cm. Denne informasjonen treng du seinare til å rekna ut oppskrifta på det du skal strikka. Dei fleste maskiner har ein maskeprøvelinjal (http://www.trollkar.no/strikkemaskiner/tilbehr-til-strikkemaskiner/maskeprvelinjal) som reknar ut antal masker og rekke på 10 cm automatisk viss du strikkar standard prøvelapp. For å laga ein standard prøvelapp til finstrikkar, strikkar du slik: Legg opp på minst 60 nåler (H30-V30) med favorittopplegget ditt og strikk minst ti rekker. Heng på passeleg mykje lodd og strikk ti rekker til. Stopp med sleden på høgre side og set teljeverket til 000. [...]

Kunsten å velja riktig strikkemaskin

Trollkar Administrator - måndag, oktober 24, 2016

Det finst mange ulike typer strikkemaskiner å velja mellom, og det kan vera vanskeleg å vita kva som er riktig maskin for deg - særleg viss du er på jakt etter di første strikkemaskin. Her er ei oversikt over kva for strikkemaskiner som er tilgjengelege frå Trollkar og kva dei kan brukast til, så blir det kanskje litt enklare å velja. Finstrikkar SK-280 med hòlkortsystem Dette er den mest populære modellen, og også den mest anvendelege når det kjem til kva slags garn du kan bruka. Maskina har 200 nåler (masker) med 4,5 mm avstand mellom nålene. Du kan strikka med svært tynne garn, til dømes Trollkar Merino lamull (8500 m per kg), og du kan strikka med handstrikkegarn opptil tjukkelse som tilsvarer babyull. Og sjølvsagt alle slags garn [...]

Prisar og vilkår for verkstadtenester

Trollkar Administrator - søndag, september 25, 2016

Trollkar har verkstad for garantireparasjonar og alminneleg vedlikehald av Silver Reed strikkemaskiner av kurant modell. Me har diverre ikkje lenger kapasitet til å ta inn maskiner av andre merker eller utgåtte modellar. Garantireparasjonar er alltid gratis og går foran i køen. Timeprisen for reparasjonar som ikkje går på garantien er kr. 790,- inkludert mva. Me fakturerer per påbegynte halvtime, men har ein minstepris på kr. 1250,- per oppdrag. Prisen på eventuelle delar som er bytta, kjem i tillegg. Diagnostikk/undersøking er gratis dersom maskina blir kondemnert, men blir rekna inn i timeprisen dersom me reparerer feilen. Bytte av enkle slitedelar* kan gjerast mens du ventar og kostar prisen av delane pluss kr. 100,-  [...]