Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Lamper


 

  • Duo LED bordlampe med klemme

    • 1 190,00 kr
    • Lagerstatus:  19

    Denne kraftige LED-lampa er ideell til maskinstrikking, maskinsaum, broderi, quilting og andre hobbyar med stor arbeidsflate. Dei to individuelt justerbare ljosarmane rekk inntil 57 cm når dei er fullt utslådde, og ljoset er av dagsljoskvalitet, som for alle lamper frå The Daylight Company. Ljosstyrken kan regulerast individuelt i dei to armane med fire trinn.

    Lampa kan regulerast i mange vinklar og posisjonar på grunn av den lange svanehalsen, som kan roterast fritt i alle retningar.

    Lamper med dagsljos er bra for augene og let deg jobba lenger utan å bli så sliten. Med dette ljoset ser du fargar godt, og kan sitta sjølv på mørke vinterkveldar med både kvitsaum og montering av svarte strikkeplagg. Lampa blir ikkje varm ved bruk og er trygg for barn.

    Ljoskjelde: LED (56 ljospunkt)
    Ljosstyrke 30 cm frå kjelda: 2.090 Lux ved full styrke på begge ljosarmane samla
    Fargetemperatur: 6.000 Kelvin
    Energiforbruk: 10 Watt
    Farge/design: kvit plast
    Rekkevidde: 28 cm
    Kabellengd: 1,70 meter
    Nettovekt: 0,5 kg


    Kikk også på desse produkta