Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Lamper


 

  • Slimline LED bordlampe

    • 1 590,00 kr
    • Lagerstatus:  1

    Denne kraftige LED-lampa er ideell til maskinstrikking, maskinsaum, broderi, quilting og andre hobbyar med stor arbeidsflate. Ljosarmen rekk heile 73 cm og ljoset er av dagsljoskvalitet, som for alle lamper frå The Daylight Company. Dette er ei profesjonell lampe til ein veldig god pris!

    Det flotte designet i børsta krom gjer at lampa passar inn i moderne interiør utan å trekka til seg mykje merksemd. Lampa kan regulerast i mange vinklar og posisjonar på grunn av dei to ledda på svanehalsen, som kan roterast fritt i alle retningar.

    Lamper med dagsljos er bra for augene og let deg jobba lenger utan å bli så sliten. Med dette ljoset ser du fargar godt, og kan sitta sjølv på mørke vinterkveldar med både kvitsaum og montering av svarte strikkeplagg. Lampa blir ikkje varm ved bruk og er trygg for barn.

    Ljoskjelde: LED (80 ljospunkt)
    Ljosstyrke 30 cm frå kjelda: 1.630 Lux
    Fargetemperatur: 6.500 Kelvin
    Energiforbruk: 5 Watt
    Farge/design: børsta krom
    Storleik: 65 x 76 x 2 cm
    Rekkevidde: 73 cm
    Kabellengd: 2,4 meter
    Nettovekt: 1 kg


    Kikk også på desse produkta


    Slimline lupe