Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

 

Om Trollkar

Trollkar er ein butikk i Haugesund sentrum som også sel det meste av vareutvalet i nettbutikk. Frå nettbutikken sender me varer til heile Norge utanom Svalbard og Jan Mayen (bur du i polarområde med mva-fritak, kan du bestilla over telefon eller e-post). Me driv også stor kursverksemd i maskinstrikking, saum og andre tekstilhobbyar. Me forhandlar garn frå Hillesvåg og Rauma i tillegg til vårt eige merke, strikkemaskiner frå Silver Reed, symaskiner frå Brother og monteringsmaskiner frå Hague.

Butikken
Du finn Trollkar i Kirkegaten 187 i Haugesund sentrum, på hjørnet av Kirkegaten og Thuhauggaten. Me er næraste nabo til den gamle brannstasjonen.

Opningstidene er:
Måndag 10-17
Tirsdag 10-17
Onsdag 10-17
Torsdag 10-19
Fredag 10-17

I skoleåret har me strikkekafé kvar torsdag kl. 19-22 og kurs stort sett kvar helg. Du kan gjerne koma innom for å handla då også - men det er ikkje alle kurslærarane som kan heile vareutvalet vårt.

Kjem du i bil til byen, så følgjer du Karmsundgata til rundkøyringa ved Flotmyr bussterminal og svinger av mot sentrum der. Då får du Trollkar på venstre hand etter to kvartal.

Det er gratis gateparkering i Kirkegaten (maks to timar), og etter avtale kan du også parkera i bakgården vår.

Oppstarten
Heming Welde Thorbjørnsen starta verksemd med strikkedesign i 2014, og i 2015 bytte me namn til Trollkar, samtidig med at me lanserte eigne strikkegarn. Butikken i Haugesund opna 1. mars 2018.

Namnet
Namnet Trollkar datt ned i hovudet på Heming ein tidleg laurdags morgon i februar 2015. Du står sjølv fritt til å gi namnet den meininga du synst passar - kanskje det går troll i ord?

Ull er gull
Trollkar sine eigne strikkegarn er av høg kvalitet. Garn frå Trollkar er som regel av rein ull eller blandingar med mykje ull, og ulla skal vera så naturleg som mogleg. Difor er Trollkar sine garn ofte uvaska og aldri kjemisk behandla bortsett frå farging. Det einaste garnet som inneheld syntetisk fiber er sokkegarnet Slitesterk. All ull i Trollkar sine garn kjem frå sauer som har levd godt, og merino-ull kjem frå land der mulesing er forbode.

Superwash-behandling av ull er ein svært miljøfiendtleg, kjemisk prosess, og faktisk er det forbode å gjera dette i Norge! Dei fleste garnprodusentar kjøper superwash-behandla ull frå andre stader i verda, eller sender ull til utlandet for prosessering. Dette gjeld særleg for billeg merino-ull, som har lett for å tova og nuppa når det er ubehandla. Trollkar ønskjer ikkje å bidra til verken forureining eller farlege arbeidsplasser verken i Norge eller utlandet, og har difor ikkje superwash-behandla ull i sortimentet. Dette tyder at Trollkar sine ullgarn er av 100 % ull utan tull, og då må ulla vera av aller beste kvalitet. Det er betre for kloden, betre for sauen, betre for deg og meg - og litt meir kostbart. Men verd det!

Alle Trollkar sine ullgarn kan likevel vaskast i maskin på ullprogram med 30-40 grader varmt vatn. Det same gjeld blandinger som inneheld ull. Me anbefaler Trollkar Ullsåpe til vask av alle typar ull, ullblandinger og andre sarte tekstiler. Trollkar Ullsåpe er eit reint naturprodukt, handlaga i Norge, og er pakka i resirkulerbare flasker (sorterast som plastemballasje). Ingen fargestoff, ingen kunstig parfyme, ingen miljøfarlege kjemikalier. Berre såpe, eddik og vatn, og eteriske oljer i variantane med lukt!

Samarbeid
Trollkar samarbeider med firmaet Fragaria Bergin, som syr, endrar og reparerer brudekjolar og andre stasplagg til damer. I tillegg har Fragaria Bergin ein serie flotte strikkeposar, mapper og pungar til alt du treng til hobbyen din, og held kurs i saum. Fragaria Bergin er drive av Cecilie Bergin Ditlevsen, som er i Trollkar-butikken måndagar, onsdagar og torsdagar.

Trollkar tar også imot praksiskandidatar til utprøving, omskolering og tilrettelagt arbeid. Viss du er interessert i å ha arbeidspraksis hjå Trollkar, ta kontakt med sakshandsamaren din i NAV.

Samfunnsansvar
Trollkaren Heming er oppteken av miljø og klima, og prøver å laga minst mogleg problem for kloden vår. Difor blir alt avfall hjå oss kjeldesortert, og så mykje som mogleg blir bruka om igjen før det blir kasta. Dette kan du som kunde se ved at fraktemballasjen du får frå Trollkar kanskje kan vera merkt med tekst eller logo frå andre bedrifter - det er betre for miljøet og billigare for både Trollkar og deg å bruka emballasjen om igjen. Trollkar brukar esker, støtsikring og annan emballasje frå leverandørar og andre bedrifter om igjen ved utsending av varer til kunder. Me brukar også avskjer og prøvelappar frå vår eigen produksjon som støtsikring i pakkene. Me sparer også frakt - og med det diesel og flybensin - på å få enkelte varer sendte direkte frå grossist til kunde. Difor håper Heming at du også brukar esker og fyllmateriale om igjen, eller gir det til nokon som har bruk for det - og at det blir kjeldesortert når det må kastast.