Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Salg


 

  • Maskinstrikkeboka

    Maskinstrikkeboka
    • 349,00 kr
    • Lagerstatus: Bestillingsvare

    Maskinstrikkeboka er ei ny og moderne bok om maskinstrikking, utgitt i 2014. Boka tek føre seg alt frå heilt grunnleggjande teknikkar til det aller mest avanserte, og er i bruk som lærebok i maskinstrikking over heile landet, mellom anna ved Institutt for folkekultur på Rauland (Høgskolen i Sørøst-Norge).

    Boka inneheld også ei rekke oppskrifter på moderne plagg til dame og herre, og du som har datastyrt strikkemaskin og Designa Knit kan lasta ned ferdige plagg- og mønsterfiler frå http://www.maskinstrikkeboka.no/ og strikka med ein gong. Brukar du hòlkortmaskin, står det diagram i boka for korleis du skal klippa eigne mønsterkort for kvart plagg.

    Forfattar Marit Buset er ei av Norges beste på maskinstrikking og underviser i kreativ maskinstrikking ved Høgskolen i Sørøst-Norge. Ho har sjølv hovudfag i maskinstrikking frå Høgskolen i Oslo, og har strikka på maskin sidan 1982.

    Trollkar anbefaler denne boka til alle som er interesserte i maskinstrikking!

    Kikk også på desse produkta