Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Maskiner


 

  • SK-280 finstrikkar med hòlkortsystem

    SK-280 finstrikkar med hòlkortsystem
    • 14 945,00 kr
    • Lagerstatus:  19

    OBS! MIDLERTIDIG UTSELD FRÅ PRODUSENT!
    Silver Reed har hatt forsinka levering til Europa av denne modellen, og lageret er nå tomt. Tidlegaste moglege levering for denne maskina er januar 2019.


    SK-280 er den mest populære strikkemaskina til Silver Reed og den mest universelle når det kjem til garntypar og teknikkar. Maskina kan programmerast til mønsterstrikking med hòlkort som du kan kjøpa ferdige eller laga sjølv (det følgjer med ei rekke ferdige mønsterkort i pakka). Dette er den perfekte maskina til deg som vil strikka tynne, lette kofter, barnehageklede, sokkar, luer, sjal, pledd osv. Maskina kan brukast med tynt maskinstrikkegarn og tjukkare garn opptil handstrikkegarn berekna for pinne 2,5-3 (avhengig av garntype).

    Det er gratis frakt på strikkemaskiner frå Trollkar, og opplæring* og brukarstøtte er alltid inkludert i prisen.

    NB! Det følgjer ikkje med tunge lodd til denne maskina. Det er anbefalt å kjøpa 3 stk lange vektlodd i tillegg til dei lodda som følgjer med.

    Trollkar fører også eit stort utval ekstrautstyr og tilbehør. Til denne maskina kan du til dømes kjøpa:

    - Hólslede
    - Ribbapparat
    - Fargeskiftar

    *Opplæring skjer i Haugesund, Stavanger eller Bergen etter avtale. Kunden må bestilla tid. Fire timar opplæring inkludert per maskin per kunde.