Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Maskiner


 

  • SK-840 pakkepris med ribbapparat og programvare

    • 40 445,00 kr
    • Lagerstatus:  20

    Komplett pakke med elektronisk finstrikkemaskin, ribbapparat og programvare. Alt du treng for det mest avanserte av heimestrikking!

    SK-840 er ei elektronisk finstrikkemaskin. Maskina kan programmerast til mønsterstrikking med PC med programvaren DesignaKnit 8. Dette er den perfekte maskina til deg som vil strikka tynne, lette kofter, barnehageklede, sokkar, luer, sjal, pledd osv.

    Med ribbapparat SRP60N kan du strikka vrangborder, dobbelstrikk, rundstrikk, patent, plissé, frotté, jacquard og intarsia med automatisk fôr og mange andre avanserte teknikkar.

    Maskina kan brukast med tynt maskinstrikkegarn og tjukkare garn opptil handstrikkegarn berekna for pinne 2,5-3 (avhengig av garntype).

    Med Designa Knit 8 kan du laga dine eigne oppskrifter og mønster og strikka nesten kva det skulle vera - berre fantasien set grenser. Perfekt for deg som vil strikka bildetepper, jacquardmønster, dobbelstrikk og andre avanserte teknikkar.

    NB! Det følgjer ikkje med tunge lodd til denne maskina. Det er anbefalt å kjøpa 3 stk lange vektlodd i tillegg til dei lodda som følgjer med.

    Til denne maskina kan du til dømes kjøpa:
    - Hólslede
    - Fargeskiftar
    - Jacquardslede