Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Strikkemaskiner

Komplett utval av maskiner til hobby og strikkestover. Opplæring og frakt inkludert i prisen!



  • SK-280 pakkepris med ribbapparat

    • 23 865,00 kr
    • Lagerstatus: Bestillingsvare

    SK-280 er den mest populære strikkemaskina til Silver Reed og den mest universelle når det kjem til garntypar og teknikkar. Maskina kan programmerast til mønsterstrikking med hòlkort som du kan kjøpa ferdige eller laga sjølv (det følgjer med ei rekke ferdige mønsterkort i pakka). Dette er den perfekte maskina til deg som vil strikka tynne, lette kofter, barnehageklede, sokkar, luer, sjal, pledd osv. Maskina kan brukast med tynt maskinstrikkegarn og tjukkare garn opptil handstrikkegarn berekna for pinne 2,5-3 (avhengig av garntype).

    NB! Det følgjer ikkje med tunge lodd til denne maskina. Det er anbefalt å kjøpa 3 stk lange vektlodd i tillegg til dei lodda som følgjer med.

    SRP60N er eit ribbapparat som passar til både SK-280 hòlkortmaskin og SK-840 elektronisk maskin. Med ribbapparat kan du strikka vrangborder, patent, frotté, dobbelstrikk, rundstrikk, jaqcuard og mange andre avanserte teknikkar. Svært nyttig verktøy for deg som strikkar mykje på maskin.

    Trollkar fører også eit stort utval ekstrautstyr og tilbehør. Til denne pakka kan du til dømes kjøpa:

    - Hólslede
    - Fargeskiftar
    - Jacquardslede

    Denne pakka er bestillingsvare med leveringstid ca. 7-10 dagar avhengig av kor i landet du bor.