Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Strikkemaskiner

Komplett utval av maskiner til hobby og strikkestover. Opplæring og frakt inkludert i prisen!



  • SK-840 pakkepris med Designa Knit 8 proff

    SK-840 pakkepris med Designa Knit 8 proff
    • 31 525,00 kr
    • Lagerstatus: Bestillingsvare

    Komplett pakke med elektronisk finstrikkemaskin og programvare.

    SK-840 er ei elektronisk finstrikkemaskin. Maskina kan programmerast til mønsterstrikking med PC med programvaren DesignaKnit 8. Dette er den perfekte maskina til deg som vil strikka tynne, lette kofter, barnehageklede, sokkar, luer, sjal, pledd osv.

    Maskina kan brukast med tynt maskinstrikkegarn og tjukkare garn opptil handstrikkegarn berekna for pinne 2,5-3 (avhengig av garntype).

    Med Designa Knit 8 kan du laga dine eigne oppskrifter og mønster og strikka nesten kva det skulle vera - berre fantasien set grenser. Perfekt for deg som vil strikka bildetepper, jacquardmønster, dobbelstrikk og andre avanserte teknikkar.

    NB! Det følgjer ikkje med tunge lodd til denne maskina. Det er anbefalt å kjøpa 3 stk lange vektlodd i tillegg til dei lodda som følgjer med.

    Til denne maskina kan du til dømes kjøpa:
    - Hólslede
    - Fargeskiftar
    - Jacquardslede
    - Ribbapparat

    Denne maskina er bestillingsvare med leveringstid ca. 7-10 dagar avhengig av kor i landet du bor.