Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

Symaskiner



  • Brother Innov-ís 1040SE

    • 9 495,00 kr
    • Lagerstatus:  1

    Kraftig og avansert, elektronisk symaskin for deg som vil ha ein skikkeleg arbeidshest med mange saumar. Svært enkel i bruk, solid maskin med mange nyttesaumar og dekorsaumar, inkludert overlocksaum og seks ulike knapphòl som maskina syr heilt automatisk. Dette er ei god maskin for deg som syr mykje, eller brukar maskina på systove, skole eller som aktiv hobby. Her har du eit godt utval av nytte- og dekorsaumar, mange automatiske knapphòl, automatisk træing av nåla, automatisk innstilling til tvillingnål og ikkje minst festing og klipping av tråden når saumen er ferdig. Med start/stopp-knappen kan du velja å sy med eller utan pedal. Ekstra stort arbeidsområde til høgre for nåla og ekstra lang friarm.

    Dette er ei ekstra maskin som lett syr gjennom mange lag dongeri, mjukt skinn eller kalesjestoff. Undertransportøren er den same som på mange industrielle symaskiner (kvadratisk KUMARESH). Med heile 21 cm arbeidsrom til høgre for nåla er denne maskina spesielt god til quilting av store arbeid. Du kan også løfta trykkfoten med knehendel (kneløft).
    • Enkelt å velja saum med touch-knappar         
    • 40 ulike nytte- og dekorsaumar, ink. 6 automatiske knapphòl
    • LCD-skjerm som viser vald saum og anbefalt trykkfot
    • Justerbar stinglengde inntil 4 mm
    • Justerbar stingbreidde inntil 7mm
    • Regulerbar maksfart
    • Ekstra lang undertransportør som kan senkast for frihandsaum
    • Valfri nålestopp oppe eller nede
    • Automatisk festing og klipping av tråd
    • Automatisk nåletræing
    • Rask og enkel undertrådspoling
    • Start/stopp-knapp (sy med eller utan pedal)
    • Kneløft av trykkfot

    Tilbehør som følgjer med:
    • Standardfot rettsaum/sikksakk
    • Overlockfot
    • Glidelåsfot
    • Blindsaumfot
    • Knappefot
    • Knapphòlsapparat
    • Verktøysett ink. sprettekniv og tvillingnål
    • 3 stk. spolestopparar (S-M-L)
    • Trådsnellenett
    • Ekstra snellepinne
    • Transportdeksel ("koffert") av hardplast         

    Kikk også på desse produkta