Telefon: 464 23 680
Gratis frakt når du kjøper for kr. 1500,- eller meir!
 
Handlekorga er tom.

KJØPSVILKÅR FOR HANDEL I TROLLKAR SIN NETTBUTIKK


Obs! Trollkar.no brukar informasjonskapslar (cookies). Trykk her for mer informasjon.

GENERELT

Nettbutikken på trollkar.no er laga for privatpersonar i Norge utanom Svalbard og Jan Mayen. Forhandlarar og andre bedriftskunder skal ikkje bestilla varer gjennom nettbutikken, men ta kontakt på epost til kontakt@trollkar.no for informasjon og bestilling. Eventuelle framforhandla rabattar til bedriftskunder vil ikkje vera tilgjengelege i nettbutikken. Trollkar sender ikkje varer til utlandet. Kunder på Svalbard og Jan Mayen må foreløpig bestilla varer på e-post til kontakt@trollkar.no for at mva-satsene skal bli riktige. Trollkar kan ikkje refundera for mykje innbetalt mva til kunder som likevel bestiller i nettbutikken.

KUNDEOPPLYSNINGAR

Trollkar lagrar kun dei opplysningane som er nødvendige for å få sendt varene til deg. Me sender ikkje ut reklame eller spam til kunder, og sel ikkje kundeinformasjon til andre. Dersom du melder deg inn i kundeklubben, vil du motta nyheiter og spesialtilbod på e-post. Me sender ut slik e-post maksimalt seks gonger i året. Me sender ikkje reklame eller tilbod på SMS.

PRISAR

Alle prisar kan endrast utan forvarsel.

Prisene du ser i handlekorga ved utsjekk gjeld der og då, og kan ha endra seg neste gong du er innom nettbutikken.

Prisene er inkludert mva. der dette er aktuelt. Bøker, kurs og undervisningsmateriell er fritekne for mva.

Kunden er sjølv ansvarleg for å bruka riktig rabattkode ved kampanjer eller faste rabattar. Feil eller manglande brukt av rabattkode gir ingen rett til refusjon eller kompensasjon.

BETALING

Du kan betala i nettbutikken med bankkort/kredittkort (VISA eller MasterCard).

All korthandtering skjer kryptert hjå vår partnar Stripe. Trollkar har ikkje tilgang til å trekka pengar frå kort etter at kjøpet er gjennomført.        

Det er ingen skjulte kostnader når du handlar i nettbutikken. Dersom du betaler med kreditt- eller debetkort, kan banken din likevel pålegga gebyr og renter. Dette er utanfor Trollkar sin kontroll.

LEVERING

Me sender lagervarer så snart som mogleg, som regel ein til to virkedagar frå bestillinga er mottatt. Tida i posten kjem i tillegg. Total framsendingstid er normalt fem til ti virkedagar. Varer som ikkje er på lager, blir ettersendte så snart dei kjem inn til oss, utan tilleggskostnad for kunden. Strikkemaskiner, møblar og enkelte andre produkt blir sendte direkte frå importøren sitt sentrallager. Dette medfører ingen ekstrakostnader for deg som kunde.

Nettbutikken viser lagerstatus for kvart produkt. Dersom det står "bestillingsvare" vil varen bli bestilt til deg frå Trollkar sin leverandør. Dersom det står "Lagerstatus: 0" er varen midlertidig utseld og vil koma inn igjen på lager snarast. Du kan likevel trygt bestilla varen i nettbutikken, men det kan vera lengre leveringstid enn vanleg på produktet.

Dersom du har Posten sin pakke-app for smarttelefon, ser du i denne kor pakka er straks ho er sendt. I alle tilfelle får du beskjed frå Posten via e-post og/eller SMS når pakka er klar til henting. Småvarer kan bli sendte som brev eller minipakke med levering i postkassa. Større sendingar blir leverte til din lokale hentestad (Post i butikk). Når du får hentemelding frå Posten, kan du avtala med dei å få sendinga levert heim på døra. Dette tar Posten seg betalt for. 

Det er ikkje høve til å henta varer frå lageret eller hjå forhandlar.

Fraktkostnader / uavhenta pakker
For bestillingar med ein samla varepris under 1500 kr. kjem det eit tillegg i prisen på kr 120,- for emballering og frakt. Bestillingar med ein samla varepris over kr 1500,- blir sendte utan frakttillegg.

Dersom du ikkje hentar ei pakke du har bestilt innan 14 dagar, blir denne returnert til oss. Me refunderer då vareprisen til deg minus fraktkostnadene begge vegar og eit returgebyr på kr. 120,-. Dette gjeld uansett grunn til at pakka ikkje blei henta. Viss verdien av varene du har bestilt er mindre enn fraktkostnaden begge vegar pluss returgebyret, får du ingen refusjon. Dersom du er bortreist eller av annan grunn ikkje kan henta ei pakke, må du avtala med Posten/Bring korleis det skal løysast. Kontaktinformasjon finn du på hentemeldinga eller www.posten.no

ANGRERETT

Angrefristlova gir alle private kundar 14 dagar full returrett.

Dette betyr at du kan heva kjøpet ved å returnera varene til oss innan 14 dagar rekna frå den dagen varene kom til deg. For at angreretten skal vera gyldig, må varene returnerast uskada, ubrukte og i original emballasje i salbar stand. Dersom indre forsegling er broten, gjeld ikkje angrefristen. Det er ditt eige ansvar at varene du returnerer er forsvarleg pakka og ikkje blir skada under returen. Skada varer blir ikkje refunderte. Luktskader blir rekna som totalskade. Alle varer skal alltid returnerast til Trollkar, sjølv om dei er sendte til deg direkte frå sentrallager.

Ved retur etter angrefristlova må du leggja ved eit utfylt angrefristskjema. Skjemaet kan du lasta ned her.

Du må sjølv betala fraktkostnaden begge vegar ved retur etter angrefristlova.

Du vel sjølv om du vil ha refundert varekostnaden (det du faktisk betalte for varen minus Trollkar sine utlegg for frakt) eller bytta i ny vare. Dersom du vil ha refusjon, må du oppgi kontonummer på angreskjemaet. Trollkar hentar ikkje ut pakker sendte i postoppkrav. Vil du bytta til ny vare, må du gi beskjed før retur eller seinast med lapp i returpakka om kva du vil ha i bytte. Ved retur utan angreskjema eller informasjon om ønska vare eller kontonummer, blir refusjon gitt som verdikode ("tilgodelapp").

Det gjeld eigne reglar for angre-, bytte-, retur- og reklamasjonsrett for skreddarstrikk og andre spesialproduserte varer. Informasjon om desse vilkåra blir tilsendt kunden før første delbetaling.

REKLAMASJON

Dersom du får feil eller skada vare, ta kontakt med oss via e-post på kontakt@trollkar.no så snart som mogleg og seinast innan 14 dagar frå du fekk varene. Trollkar sender deg då returseddel og tar feil/skada varer i retur kostnadsfritt og erstattar desse med riktig vare eller verdikupong ("tilgodelapp"). Ved retur seinare enn 14 dagar etter mottak av varene, eller ved retur utan å først ha kontakta Trollkar, må kunden sjølv betala fraktkostnaden.

Spesielt om garn: Det det kan vera knutar/skøytar i garn på spole og i nøster. Knutar i nøster eller spolar er ikkje reklamasjonsgrunnlag.

Silver Reed tilbyr to år garanti på strikkemaskiner og ein del ekstrautstyr til desse. Brother gir fem år garanti på alle symaskiner og alt originalt tilbehør. Garantiene gjeld varer kjøpte av privatpersonar i Norge. Fullstendige vilkår følgjer med kvart produkt som er omfatta av garanti. Det er ingen garanti på andre varer frå Trollkar utanom reklamasjonsretten etter forbrukarkjøpslova, men me prøver alltid å hjelpa deg dersom noko du har kjøpt frå oss ikkje svarer til forventningane dine. Bedriftskunder er ikkje omfatta av forbrukarkjøpslova eller Silver Reed og Brother sine tilleggsgarantiar.

Dersom du skal returnera ei vare på grunn av reklamasjon, betaler Trollkar frakta, men kun dersom du kontaktar oss på førehand for å få tilsendt returetikett. Alle varer skal returnerast i originalemballasjen og i same tilstand som då du fekk dei. Det er ditt ansvar at varene du returnerer er forsvarleg pakka og ikkje blir skada under returen.

Ved bestilling i nettbutikken har du akseptert desse vilkåra. I tillegg gjeld Forbrukarombodet sine standardvilkår får netthandel, som du kan lesa på http://www.forbrukerombudet.no/asset/3215/1/3215_1.pdf

Desse vilkåra gir deg ikkje dårlegare rettar enn norsk lov.